Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Skriftleg tekstskapingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Skriftleg tekstskaping

Når du skriv, har du tid til å planleggje, endre og forbetre teksten din. Til gjengjeld må du vere endå meir mottakarmedviten enn når du snakkar, for lesaren kan ikkje spørje deg om noko skulle vere uklart. Ein velskriven tekst er til hjelp for lesaren – og mykje morosamare å lese!

En kulepenn og skrivebok ligger oppå en bærbar datamaskin. Foto.
Skrive på pc eller for hand? Eller byte på? Prøv deg fram og finn ut kva som fungerer best for deg når du tenkjeskriv, lagar tankekart, skriv utkast eller finpussar.

Skriving i norskfaget

I norskfaget øver du deg på å skrive alt frå noveller og dikt til referat, debattinnlegg, artiklar og essay. Du er kanskje sikker på at du verken vil bli diktar, essayist eller journalist, men det er likevel ikkje bortkasta å prøve seg i ulike sjangrar. For det første fordi det er smart å øve seg i å tenkje som Pippi: "Det har eg aldri gjort før, så det klarer eg sikkert!" For det andre fordi du uansett kjem til å lære mykje om korleis du byggjer ein ryddig tekst, bind saman avsnitt og setningar og ordlegg deg presist og levande. Desse ferdigheitene treng du same kva slags tekst du skriv. Og for det tredje kan det faktisk hende at du kjem over ein sjanger som du liker veldig godt å skrive i!

Emner

Skriftleg tekstskaping

  • Å skrive kreativt

    Tips til korleis du kan jobbe når du skriv kreative tekstar.

  • Å skrive tekstanalyse

    Jobb med lyrikkanalyse, novelleanalyse og retorisk analyse av tale og skriftlig tekst.

  • Yrkesretta sjangrar

    Lær deg sjangrane som du treng i arbeids- og samfunnsliv, som formelt brev, søknad og CV, møteinnkalling og -referat, og rapport.

  • Å skrive fordjupingsoppgåve

    Her er tips til fordjupingsoppgåva i norsk, og til korleis du kan gå fram når du vil forske på eller fordjupe deg i eit emne eller ei problemstilling.