Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tekniske og komplekse problemstillingar

Nokon oppgåver er komplekse. Dei krev at du må definere spørsmål som må svarast på, og du må gjere undersøkjingar på ulike område. Dette vert gjerne kalla kompleks problemløysing. Tekniske problemstillingar, derimot, har ofte eitt eller få svar.

Kvinne som løser problemer. Illustrasjon.

Tekniske problemstillingar

Tekniske problemstillingar er kjende og har ei klart definert løysing. Typisk er:

  • Løysinga(ne) er kjend(e).
  • Problemet er avgrensa.
  • Prøving og feiling fører som regel frem til løysinga.
  • Det er berre eitt perspektiv.
  • Løysinga kan gjenkjennast og sjekkast.
  • Du slepp å gjere omfattande analyse av problemet.
  • Du slepp å identifisere viktige spørsmål. Dei er alt definerte.
  • Du begynner å jobbe med løysinga med ein gong.
  • Det er lett å sjekke om du har løyst problemet.

Nokon eksempel: Programvaren til GoPro-kameraet fungerer ikkje lenger på din maskin, men han gjer det på klassekompisen din sin maskin. Korleis finn du ut av det? Du ønsker kanskje å kontrollere og endre eit breiare spekter av grånyansar i eit bilete du har gjort om til svart-kvitt. Og: Korleis skal du komme til neste level i eit dataspel? Dette er typiske tekniske problemstillingar.

Teknisk og teknologisk er ikkje det same

Veldig ofte vil eit teknologisk problem kunne vere eit teknisk problem, men eit teknisk problem er ikke nødvendigvis teknologisk. Korleis skru saman ei bokhylle? Korleis løyse Rubiks kube? Korleis lage heimelaga slim eller karamellar? Korleis skifte ei lyspære? Alle desse problema er òg eksempel på tekniske problem. Dei har eigenskapane som er lista opp over.

"The river problem"

Ei tidlig teknisk problemstilling, kjend frå det niande hundreåret, er "The river problem".

Ein bonde dro til marknaden og kjøpte ein rev, ei gås og ein sekk med bønner. På vegen heim kom han til ei elv, som han måtte krysse. Han lånte ein båt, men kunne berre ta med ein ting over til den andre sida av gangen. Hvis han tok med seg reven, ville gåsa ete opp bønnene. Tok han med seg bønnene, ville reven ete opp gåsa.

Finn du løysinga for bonden?

Komplekse problemstillingar

Komplekse problemstillingar har ofte inga klar løysing. Eit eksempel er arbeidsoppgåver som drøftar eit tema, eller som krev at du bruker ulike kunnskapsområde i same oppgaveløysing. Då må du ofte dele opp problemet, identifisere ulike spørsmål og prioritere arbeidet med desse.

Eksempel 1

I samfunnsfag kan du til dømes lage ei innlevering om piratkopiering: Kva er fildeling? Kva seier lovverket? Kva meiner forbrukarar, opphavsmenn, leverandørar, juristar? Kva er utviklingstrekka i samfunnet og på Internett? Kva for dommar finnast, og kva seier dei? Finnast det nokre løysingar? Og så vidare.

Eksempel 2

I marknadsføring og leiing er dette eit eksempel på eit komplekst problem: Kva kan konsekvensen av bitcoin bli for den lokale detaljhandelen?

Eksempel 3

I mediefag skal du lage ein filmplakat for ein filmatisert roman frå førre hundreåret. Spørsmål du må identifisere her, er: Kva er handlinga i filmen? Kven har laga han? Hvem har skrive boka? Hva var karakteristikkar ved trendar og uttrykk på den tida handlinga i boka er lagt til, og då ho kom ut? Kven er målgruppa for filmen? Korleis komponere ein filmplakat? Kva slags sentrale designprinsipp skal du velgje? Og så vidare.

Desse tre er eksempel på komplekse problem. Du må bruke kunnskap frå fleire område for å løyse dei.

Typisk for slike problem er:

  • Løysinga er ikkje kjend.
  • Inga klar avgrensing av problemet.
  • Ustabilt og uforutsigbart problem.
  • Svaret gir seg ikkje gjennom prøving og feiling.
  • Mange roller og perspektiv (forbrukarar, opphavsmenn, plateselskap, juristar) treng å verte avklart.
  • Ingen klare løysingar som kan gjenkjennast og sjekkast.
  • Du må gjere omfattande analyse av problemet.
  • Du må identifisere og prioritere spørsmål som skal undersøkjast.
  • Du må gjere undersøkjingar. Du kan ikkje begynne å arbeide med løysinga med ein gong.
  • Det er vanskeleg å sjekke løysinga.

Komplekse problemstillingar er ikkje nødvendigvis vanskelege å løyse, men arbeidskrevjande.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter