Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kritisk tilnærming til tekstChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Det handlar om å dele: Creative CommonsChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Det handlar om å dele: Creative Commons

Det er viktig å ha reglar som styrer korleis åndsverk kan brukast. Utan slike reglar er det ingen som kan leve av å jobbe som forfattarar, journalistar, fotografar eller musikarar. Korleis kan vi stimulere til deling av eit åndsverk på internett og samtidig sikre rettane til opphavspersonen?

Symbol på innhald og Creative Commons. Kollasj.

Internasjonale lisensar

Creative Commons-lisensane (eller CC-lisensane) er internasjonale. Det vil seie at dei kan brukast overalt i verda. Det er ein stor fordel når du publiserer eit åndsverk på internett. Lisensen er gyldig så lenge opphavsretten varer. Reglane for når opphavsretten går ut, kan variere noko frå land til land.

Når du sjølv vil leggje ut eigne åndsverk på internett, bør du tenkje gjennom kva slags bruk du vil tillate. Dersom du ikkje merker materialet ditt med nokon spesiell lisens, gjeld reglane i åndsverklova for opphavsrett. Dersom du vil tillate ein friare bruk, kan du gi tekstane, bileta eller videoane dine ei eller anna form for Creative Commons-lisens.

Åndsverk merkt med copyright krev løyve

I Noreg gjeld reglane i åndsverklova for opphavsrett dersom du ikkje merker materialet ditt med nokon spesiell lisens. I land som byggjer på det angloamerikanske rettssystemet, blir einerett til framstilling av fleire eksemplar av eit åndsverk merkt med copyright ("alle rettar reserverte"). Då har ingen andre lov til å publisere det på nytt utan å spørje om løyve. Dei kan berre bruke ein kopi av åndsverket i private samanhengar.

Dette inneber at du ikkje utan vidare kan kopiere tekstar, bilete, musikk eller liknande som du finn på nettet, for så å leggje det inn i eigne presentasjonar som du publiserer i skuleavisa eller i ein blogg. Du må alltid spørje personen som har opphavsrettane om lov først og eventuelt betale det honoraret som rettighetshavaren forlanger.

Eit band speler på ein scene. Gitarist og vokalist i forgrunnen, trommis i bakgrunnen. Foto.
Det kan vere lurt å merke ein konsertvideo med Creative Commons-lisens på YouTube dersom du ønskjer at han skal bli delt mest mogleg.

Creative Commons stimulerer til deling

Tenk deg at du og kompisane dine har eit band og ønskjer speleoppdrag eller platekontrakt. De bestemmer dykk for å leggje ut ein musikkvideo på YouTube og ønskjer at han skal sjåast og bli delt av flest mogleg. Då har de behov for å merke åndsverket dykkar på ein måte som fungerer i ein delingskultur.

Mange opphavarar ønskjer at det dei lagar, blir spreidd og brukt av andre. Med Creative Commons-lisens kan du enkelt formidle at du gir andre løyve til å bruke materialet ditt. Lisensen gir både rettar og avgrensingar. Dei som vil bruke materialet ditt, treng då ikkje å spørje deg om lov. Det har du har godkjent på førehand.

Creative Commons består av eit sett av lisensar som på ein standardisert måte gir løyve til å dele eit åndsverk. Alle Creative Commons-lisensar krev namngiving av opphavspersonen til åndsverket. Nokre av lisensane set strenge krav til korleis åndsverket kan brukast. Andre lisensar er meir opne og gir brukarane lov til å redigere eller remikse innhaldet.

Som opphavsperson kan du avgrense løyvet til bruk i ikkje-kommersielle samanhengar, men du kan òg la andre få lov til å tene pengar på det du har laga. Det er opp til deg. Du kan likevel krevje at alle som publiserer ein kopi av åndsverket, må bruke den same lisensen som han du i utgangspunktet brukte.

Om copyright og Creative Commons

Utforsk Creative Commons-lisensiering

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs