Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. Musikk og opphavsrettarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Musikk og opphavsrettar

Bilde av en datatastaturknapp med et paragraftegn

Oppdrag

Gå inn på nettsida til clara.no og finn svar på spørsmåla nedanfor. Her finn du også direkte lenke til TONO.

  1. Eg har lyst til å lage ein coverversjon av ein kjent song som eg vil leggje ut på Facebook. Eg spelar og syng alt sjølv. Er det lov?
    fasit

    I utgangspunktet nei. Du må få løyve frå den opphavlege opphavsmannen til å skape din eigen versjon av eit verk som ein annan har laga. Det er TONO/NCB som gir løyve til offentleg framføring og innspeling av verna musikk på vegner av opphavsmannen.

  2. Nokon har stole/plagiert musikken min. Kva gjer eg?
    fasit

    Du må kunne prove at det er ditt, før du eventuelt kan krevje økonomisk kompensasjon. Åndsverklova vernar dei ideelle og økonomiske rettane til det åndsverket opphavsmannen har laga. Dersom du er redd for at musikken din skal bli plagiert, bør du sørgje for å kunne dokumentere at du laga musikken først. Ein måte å gjere dette på er å sende noter eller opptak rekommandert til deg sjølv. Datostemplinga frå Postverket er ei stadfesting av dato, så lenge forseglinga ikkje er broten. TONO arkiverer ikkje noter/opptak.

  3. Vi lagar film på skulen. Planen er å leggje han ut på YouTube, og vi har lyst til å bruke Justin Biebers siste single. Korleis går ein fram når ein ønskjer å bruke kjent musikk i eigne produksjonar?
    fasit

    Dersom du ønskjer å bruke musikk i produksjonen din, må du både klarere masterrettane (som er rettane til den konkrete innspelinga) og opphavsrettane til musikkverket. Masterrettane er det vanlegvis plateselskapet som klarerer, eventuelt artistane sjølve dersom dei eig masterinnspelinga. Opphavsrettane til sjølve musikkverket kan TONO/NCB klarere på vegner av dei som har skrive musikken.

  4. Eg har ein blogg og vil gjerne leggje ut musikk der. Må eg ha løyve frå TONO?
    fasit

    Ja, du må ta kontakt med TONO og inngå ein avtale. Du treng alltid ein avtale med TONO når du gjer andres musikk tilgjengeleg, også online. Opphavsmannen har etter åndsverklova einerett til å tilgjengeleggjere og eksemplarframstille verket sitt. TONO gir løyve på vegner av opphavsmannen og representerer i praksis heile verdsrepertoaret.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter