Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Kjeldebruk og kjeldekritikkChevronRight
  4. KjeldebrukChevronRight
  5. PersonvernChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Personvern

Personvern handlar om å sette grenser for den retten andre har til å samle inn og bruke opplysingar som gjeld deg som person. Personvern handlar også om vern mot krenkande utsegner, diskriminering og truslar. Både lovverket og pressa sine eigne etiske reglar set grenser for korleis media kan eksponere ein person.

Kva er personvern?

Det å ha privatlivet sitt i fred er ein grunnleggjande rett. NOU 2009:1 definerer omgrepet personvern slik:

Med personvern forstår kommisjonen ivaretakelse av personlig integritet, ivaretakelse av enkeltindividers mulighet for privatliv, selvbestemmelse (autonomi) og selvutfoldelse.

Omgrepet inneheld altså fleire aspekt:

  • respekt for at enkeltmennesket ikkje kan krenkast
  • respekt for integriteten til enkeltmennesket
  • respekt for privatlivets fred

Datatilsynet har laga ein nyttig og lettfatteleg nettressurs om personvern: Personvern på 1-2-3

Personopplysingslova

Catharina Nes frå Datatilsynet om Personvernlova.

Lov om behandling av personopplysninger (personopplysingslova) skal sikre retten din til å ha eit privatliv der du kan rå over deg sjølv og utfalde deg slik du sjølv ønskjer. I tillegg skal du også kunne avgjere kva andre skal få vite om deg. Personopplysingslova gjeld alle medium, også for informasjon som blir publisert i sosiale medium. Det er ulovleg:

  • å krenke privatlivets fred
  • å publisere truslar
  • å publisere hatefulle og/eller diskriminerande ytringar
  • å publisere bilete utan samtykke

Har du tenkt på kor mange opplysingar du gir frå deg i løpet av ein dag? Og på korleis du kan verne deg sjølv på nettet?

Digitale spor

Tenk deg eit samfunn med fri flyt av personopplysingar. Her kan kven som helst spore opp kredittkortnummeret ditt, søke opp alt du har skrive på Facebook, eller bruke Instagram-biletet ditt i reklame for kvisekrem.

Dagleg legg du att digitale spor. Du blir registrert kvar gong du bruker minibankkortet, sender ein e-post, eller er innom ei nettside. Google samlar no inn enorme mengder informasjon om deg, anten du brukar søketenesta eller legg personleg informasjon inn på Facebook-kontoen din. Denne informasjonen blir både brukt til å sortere bort informasjon som Google meiner du ikkje er interessert i, og til å bombardere deg med målretta reklame.

Stoler du på den sjølvpålagte verdimålsettinga til Google ”Don’t Be Evil”?

Slett meg

Datatilsynet har utvikla hjelpetenesta slettmeg.no som eit konkret tiltak for å sikre personvern på nettet. Slettmeg.no skal hjelpe personar som opplever krenkingar på Internett. Tenesta kan for eksempel hjelpe til med å fjerne falske Facebook-profilar, uønskt biletpublisering, gamle debattinnlegg osv. Tenesta er gratis. Nettsida hadde frå mars til desember 2010 i gjennomsnitt meir enn 70 000 treff pr. månad.

Etiske reglar

Ei ryddig handsaming av personleg informasjon er viktig, også ut frå ei presseetisk vurdering. Ver Varsam-plakaten seier at du må sørgje for å gje att meiningsinnhaldet i det intervjuobjektet seier på ein korrekt måte, slik at du ikkje tillegg personen meiningar han eller ho ikkje har. Direkte sitat skal du gje att presist.

Av og til må personar vernast mot seg sjølve. Ikkje alle er klar over verknaden av det dei seier til media. Misbruk ikkje andre sine kjensler, mangel på kunnskap eller sviktande dømekraft. Hugs at menneske i sjokk eller sorg er meir sårbare enn andre.

Læringsressursar

Kjeldebruk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter