Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Retorikk og argumentasjonChevronRight
  5. RetorikkChevronRight
  6. Ein strategi for å overtydeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ein strategi for å overtyde

Lær deg grunnoppskrifta for ein klassisk og velprøvd taledisposisjon!

Skuespiller Iselin Shumba taler i mikrofon foran en folkemengde på Youngstorget. Foto.
Her held skodespelar Iselin Shumba ein appell under #Metoo-arrangementet på Youngstorget i Oslo 21. januar 2018. Appellar skal vere korte og slåande, og Shumba stiller godt førebudd med eit gjennomarbeidd og kort manus.

Grunnoppskrifta

Dersom vi vil overtyde andre, må vi ikkje berre vite kva vi skal seie. Like viktig er det at vi veit korleis vi bør innleie og avslutte, og korleis vi legg fram argumenta våre i rett rekkjefølgje. Ein velprøvd disposisjon heilt sidan antikken er denne:

  1. Exórdium
    Innleiing
  2. Narrátio
    Saksframstilling
  3. Argumentátio
    Argumentasjon, provføring
  4. Perorátio
    Avslutning

Vi skal no sjå nærmare på dei enkelte punkta i denne disposisjonen.

Innleiing (exordium)

I innleiinga skal vi opprette god kontakt med publikum og sørgje for at dei får lyst til å lytte. Vi kan opne talen med å helse og presentere oss. Vi kan òg seie nokre hyggelege ord om publikum, vi kan skryte av arrangementet eller staden eller vi kan fortelje ei lita historie, men uansett bør vi gå ein liten omveg før vi kjem til saka, særleg når vi må rekne med at tilhøyrarane er ueinige i det vi har tenkt å seie.

I retorikken kallar ein grepa som skal få publikum til å høyre på oss, for captátio benevoléntiae. Uttrykket er latin og tyder "det å fange eller gripe velvilje").

Spar litt på krutet

Det finst også andre gode grunnar til å velje ei meir roleg innleiing. Ei "pang-opning" skaper nemleg forventningar om eit like spennande framhald, og berre ein svært driven talar maktar ei slik oppgåve. Vi andre risikerer at tilhøyrarane mister interessa for det vi seier når spenninga daler etter den flotte innleiinga.

Innleiinga er raskt gløymd

Det som blir sagt innleiingsvis, er dessutan det folk gløymer lettast, og sånt sett er innleiinga den minst viktige delen av ein tale. Derfor gjer det ingenting om vi er nervøse, om vi må reinse stemma eller om vi snublar i orda i starten. Slik kan vi tvert om sanke sympatipoeng hos publikum. Det er som oftast meir uheldig å framstå som for glatt og perfekt.

Saksframstilling (narratio)

Etter innleiinga presenterer vi sjølve saka. Framstillinga skal vere kort og klar, hendingar eller historikk bør helst presenterast i kronologisk rekkjefølgje.

Jonas Gahr Støre fra Arbeiderpartiet, Erna Solberg fra Høyre og Siv Jensen fra Fremskrittspartiet står bak hver sin talerstol og debatterer med tilhørere i bakgrunnen. Foto.
Jonas Gahr Støre (Ap), Erna Solberg (H) og Siv Jensen (FrP) i ein partileiardebatt på NRK i 2017.

Argumentasjon (argumentatio)

Argumentasjonen er den viktigaste delen av talen. Her skal vi først og fremst overtyde gjennom det vi seier (logos). Ofte er det lurt å dele argumentasjonen i to: Først legg vi fram argumenta som støttar opp under synet vårt, deretter kan vi ta for oss motargument og avkrefte dei. Det første kallar vi confirmátio (stadfesting, sannkjenning), det andre refutátio (motprov).

Refutatio-delen bør ikkje få for stor plass. Vi skal bruke mest tid på eigne argument, av ein enkel grunn: Den som framfører ein positiv bodskap, blir sjølv oppfatta som positiv. Den som kjem med negative utsegner derimot blir lett stempla som sur og lite konstruktiv, same kor berettiga og viktig kritikken er.

Vi skal sjølvsagt ikkje la vere å peike på kritikkverdige forhold eller avsløre svak argumentasjon, med vi bør alltid vere medvitne på korleis vi vel å framføre kritikk og kva vi skal bruke mest krefter og taletid på.

Avslutning (peroratio)

Avslutninga er den delen av presentasjonen eller talen som publikum hugsar best, og ho bør derfor vere godt planlagd. Ofte passar det bra å avslutte med ei oppfordring til publikum.

Kjelder

Eide, T. (1990) Retorisk leksikon. Oslo: Universitetsforlaget.

Fafner, J. (1991) Tanke og tale København: C. A. Reitzels Forlag.

Hägg, G. (1998) Praktisk retorik. Stockholm: Wahlström og Widstrand.

Slaattelid, H. (1993) Romersk retorikk. Oslo: Samlaget.

Læringsressursar

Retorikk

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale