Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SakprosaChevronRight
  5. LesarinnleggChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Lesarinnlegg

Lesarinnlegg er populært lesestoff, og det er langt fleire enn tidlegare som skriv innlegg sjølv!

Ung kvinne sit på kafé og les nyheiter på nettbrett. Foto.

Ein nyttig og underhaldande sjanger

Lesarinnlegg har tradisjonelt vore faste innslag i trykte aviser og blad. I dag finn vi dei vel så ofte i digitale medium, og vi kan alle delta i diskusjonar om stort og smått, morosamt og alvorleg, anten ved å skrive innlegg sjølv eller ved å kommentere det andre har skrive.

Mange slags innlegg

Dei fleste leserinnlegga er såkalla debattinnlegg: korte, argumen-terande tekstar med eit klart standpunkt, som har til formål å overtyde lesaren. Men vi kan òg skrive innlegg som først og fremst er informative eller ekspressive: Ein humanitær organisasjon som Røde Kors eller Amnesty kan informere om eit nytt prosjekt, til dømes, eller ein privatperson kan skrive om ei spesielt flott matoppleving på ein lokal restaurant.

Hugsar du?

I informative tekstar er det saka som står i sentrum.
Ekspressive tekstar handlar i stor grad om skrivaren si oppleving av ei sak eller hending.
Appellative eller argumenterande tekstar skal først og fremst overtyde lesaren.

Hald deg til éi sak

Det finnes ikkje nokon formelle reglar for korleis eit lesarinnlegg skal sjå ut, men ønskjer du å nå mange lesarar, bør innlegget ditt kommunisere eintydig og effektivt. Skriv derfor kort og klart, og hald deg til éi sak.

Subjektivt og sannferdig

I eit lesarinnlegg fremjar du ditt personlege syn, det er dine tankar og kjensler som skal komme til uttrykk. Du har lov til å setje ting litt på spissen og kan gjerne vere skarp i tonen om du synest det trengst, men du bør unngå personangrep, og du må du halde deg til sanninga.

Bruk språklege verkemiddel

Eit innlegg på nett eller i ei papiravis må konkurrere om merksemda til lesaren med mange andre tekstar. Derfor er det viktig at du klarer å fange interessa til lesaren og halde på ho. Bruk språket til å engasjere og vekkje kjensler, og ordlegg deg slik at lesaren får tillit til deg som skrivar!

Læringsressursar

Lesarinnlegg