Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SkjønnlitteraturChevronRight
  5. Lyrisk diktningChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Lyrisk diktning

Lyrikken er ein av dei tre hovudsjangrane innanfor litteraturen. I dag er det nok lyrikk som det er sett musikk til, som har flest fans i alle aldrar.

Astrid S. Foto.
Lyrikk og musikk – stadig ein populær kombinasjon! Astrid S. på Bylarm i Kulturkyrkja Jakob i 2017.

Kva er lyrikk?

Lyrikken er ein av dei tre skjønnlitterære hovedsjangrane våre. Sjølve omgrepet kjem frå det greske ordet lyra, som er namnet på eit strengeinstrument. I oldtidas Hellas var lyrikken den diktinga som blei sungen til lyremusikk. I dag bruker vi omgrepet lyrikk både om songtekstar og om dikt som skal lesast stilt eller framførast utan tonefølgje.

Songlyrikk og boklyrikk

Den såkalla songlyrikken er nok den mest populære forma for lyrikk i vår tid. Dei fleste av oss lyttar til rock, pop, viser, jazz og andre former for populærmusikk. Langt færre les dikt, enda boklyrikken også kan vise til ein lang tradisjon. Heilt sidan skrivekunsten blei oppfunnen, har vi menneske skrive ned dikt, på tavler, pergamentruller eller papir. Men mykje av den moderne boklyrikken har eit formspråk som er nokså forskjellig frå songlyrikken.

Korte tekstar, konsentrert innhald

Felles for dei lyriske tekstane er at dei er relativt korte. Eit anna særmerke er ein konsentrert bruk av språklege verkemiddel. Diktaren bruker gjerne uventa og nyskapande bilete som får oss til å sjå det kjende i eit nytt lys.

"Det er ein sprekk i alle ting; der siver lyset inn."

Leonard Cohen, kanadisk forfattar, songar og låtskrivar

Musikalske verkemiddel

Musikalske verkemiddel som rim og rytme speler ei viktig rolle ikkje berre i sanglyrikken, men også i mykje av boklyrikken. Klang og rytme i ord og verslinjer blir ein del av tekstopplevinga. Ein lyrisk tekst kan også vere ei nyting for øyra!

Grafisk oppsett og oppbygging

Oppsettet gir oss ofte eit første hint om at vi har med ein lyrisk tekst å gjere. Dei fleste lyriske tekstane er delte inn i avsnitt. Når avsnitta har eit fast rim- og rytmemønster, kallar vi dei strofer. Strofeforma er vanleg i songlyrikken fordi ho gjer det lettare å syngje teksten til ein melodi. I moderne boklyrikk derimot, finn vi ofte avsnitt av ulik lengd, utan enderim eller fast rytme.

Stemma i den lyriske teksten

I lyriske tekstar finn vi ofte eit eg som formidlar opplevinga si til lesaren eller lyttaren. Dette lyriske eg-et er ikkje nødvendigvis identisk med forfattaren, like lite som ein eg-forteljar i ei novelle er nokon reell person. Men ved å bruke eg-forma skaper diktaren ein meir personleg tekst. Vi kallar derfor tekstane med eit tydeleg lyrisk eg for personlege tekstar, mens tekstane utan eit slikt eg blir kalla allmenne tekstar.

Mange typar lyriske tekstar

Lyriske tekstar kan fortelje ei historie, men ikkje minst kan dei fange inn augneblinken, skildre ei stemning eller flyktig oppleving. Mange dikt handlar om sentrale hendingar og spørsmål i menneskelivet: kjærleik, død, mennesket sin plass i verda og i naturen osv. Denne typen lyrikk kallar vi sentrallyrikk.

Til brukslyrikken reknar vi lyriske tekstar med eit praktisk formål. Dei kan ha ein politisk bodskap, eller dei kan vere høvestekstar. Høvesdikting blir ofte skriven til spesielle festar og høgtider som konfirmasjonar eller bryllaup.

Vi kan også karakterisere dikt ut frå andre særmerke. Limerick og sonett for eksempel er sjangernamn som seier noko om forma, medan nemningar som arbeidardikt og barnerim fokuserer på målgruppa for teksten. Sjangernamnet viser kva for trekk ved teksten vi vil framheve.

"Poesien bygger ytterst ute på en virkelighetsoppfatning der virkeligheten er en annen og noe mer og noe større enn vår daglige lille verden."

Rolf Jacobsen, norsk lyrikar

Læringsressursar

Lyrisk diktning

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale