Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. SkjønnlitteraturChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Skjønnlitteratur

Skjønnlitteratur er fiksjon, det vil seie litteratur som er oppdikta. Frå gamalt av deler vi inn skjønnlitterære tekstar i tre hovudgrupper: episke, lyriske og dramatiske tekstar.

Tre personer ligger i gresset ved en innsjø og leser. Det er sommer og sol. Skog i bakgrunnen. Foto.

Tre hovudgrupper skjønnlitteratur

Frå gamalt av deler vi skjønnlitterære tekstar inn i tre hovudgrupper: episke, lyriske og dramatiske tekstar. Til den episke diktinga reknar vi alle typar forteljingar. Den lyriske diktinga omfattar dikt av alle slag, både med og utan musikk til. Og dramatisk dikting er all dikting som blir spelt på ein scene slik at tilskodarane kan få oppleve handlinga "på direkten".

Gamle omgrep – men framleis aktuelle!

Omgrepa episk, lyrisk og dramatisk seier noko om korleis tekstane opphavleg blei framførte: Eit epos er ei lang helteforteljing i bunden form som blei formidla munnleg av ein forteljar, diktet blei deklamert til lyremusikk, og dramaet blei spelt utandørs i store amfiteater.

Denne tradisjonelle inndelinga fungerer framleis godt, og mange skjønnlitterære tekstar kan utan problem bli plasserte innanfor ei av dei tre hovudgruppene. Men i dag er forteljingar like mykje skritlege som munnlege. Mykje lyrikk blir framleis sungen til musikk, men i tillegg finst det mange dikt som berre skal lesast. Og dramascenen finn vi i dag både i teatersalen, i radioen, på kino, på tv og på alle moglege andre skjermar – men framleis òg utandørs.

Skjønnlitteratur

Uttrykket er lånt frå fransk, der "belles-lettres" er den vakre litteraturen, det vil seie den litteraturen som har til formål å gi lesaren ei estetisk oppleving.
Ei anna nemning for skjønnlitteratur er fiksjonstekstar. Denne nemninga fokuserer på at skjønnlitterære tekster er dikting.

Emner

Skjønnlitteratur

  • Episk dikting

    Lær å analysere innhald og form i forteljingar.

  • Dramatisk dikting

    Lær om dramasjangrar og om handling, konflikt, dramaturgi og personar i eit drama.

  • Lyrisk diktning

    Lær korleis du kan analysere innhald, form og verkemiddel i eit dikt, og korleis du kan samanlikne to dikt.