Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Språket som moglegheitChevronRight
  4. Samansette tekstarChevronRight
  5. KameravinklarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kameravinklar

Kameraet kan samanliknast med menneskeauget. Vinkelen kameraet er plassert i i høve til motivet, er eit viktig forteljeteknisk grep som styrer korleis vi opplever det vi ser.

Kongen og kronprinsen søker dekningu nder et flyangrep på i Molde
Kong Haakon og kronprins Olav i 1940.

Kameravinklar reflekterer makttilhøvet mellom personar. Nokre personar ser vi opp til, andre ser vi ned på. Ein person som er fotografert i fugleperspektiv, verkar liten, svak og forsagt. Vel vi froskeperspektiv, ser personen stor og mektig ut. Det er grunnen til at historiske portrett av statsoverhovud gjerne har vore noko undervinkla. I samfunn der likskap er eit ideal, blir leiarar oftare framstilte i normalperspektiv.

Kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra fotografert på Bygdø kongsgård 25. august 2009.
Kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra i 2009.

Samanlikn biletet av kong Haakon og kronprins Olav frå 1940 med biletet av kong Harald, kronprins Haakon og prinsesse Ingrid Alexandra frå 2009. Kva fortel desse bileta om korleis det norske samfunnet har endra seg i løpet av desse 70 åra?

Ulike kameravinklar

Dei ulike kameravinklane fortel oss noko om korleis kamera er plassert i høve til fokuspunktet i motivet.

Forskjellige kameravinkler for fotografi. Foto.
  1. Fugleperspektiv: Kamera er plassert svært høgt, og ein ser ovanfrå og ned mot fokuspunktet.
  2. Overvinkla: Kameraet er plassert høgare enn fokuspunktet.
  3. Normalperspektiv: Ein vil normalt sjå ein person i auga.
  4. Undervinkla: Kameraet er plassert lågare enn fokuspunktet.
  5. Froskeperspektiv: Kamera er plassert svært lågt, og ein ser oppover mot fokuspunktet.

Resultat for ståande format

Portretter som demonstrerer bruken av de forskjellige kameravinklene. Foto.

Resultat for liggjande format
Filmstripe med portretter som viser forskjellige kameravinkler. Foto.

Læringsressursar

Samansette tekstar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter