Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
  5. Reisen til planeten NazarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Reisen til planeten Nazar

Kortfilmen Reisen til planeten Nazar (1983) er ei filmatisering av Ludvig Holberg sin roman Niels Klims underjordiske rejse frå 1741.

Romanen har mykje likt med andre fiktive reiseskildringar, som Thomas More sin roman Utopia (1516) og Jonathan Swift sin roman Gullivers reise (1726). Reisa startar med at Niels Klim på ei av vandringane sine på Fløyen i Bergen klatrar inn gjennom Maremineholet, for så å falle ned og vidare ut i verdsrommet. Der hamnar han til slutt på planeten Nazar.

I landet Potu møter han skapningar som ser på tilværet på ein heilt annan måte enn det Niels har vorte opplært til under studietida si i København. Men hos innbyggjarane i landa Lalac og Mardak møter Niels synsmåtar og menneskelege svakheiter som han er vel kjend med frå før.

Les gjerne også Ludvig Holberg sin opphavlege tekst i dansk omsetjing (kap. 4–9):

Niels Klims underjordiske rejse

Oppgåve 1

Landet Potu

  1. Landet Potu vert framstilt som eit idealsamfunn. Korleis speglar dette samfunnet att opplysningstida sine ideal om fridom, likskap og brorskap?
  2. På kva måte er normene i dette samfunnet ulike samfunnsnormene som gjaldt i Danmark-Noreg på Holberg si tid?
  3. Kva er det Niels synest det er spesielt vanskeleg å forsone seg med i Potu?

Oppgåve 2

Landet Lalac, som også vert kalla Mascatta

  1. Kva føresetnader har dette landet for at innbyggjarane skal kunne ha eit godt liv?
  2. Kva menneskelege svakheiter er det som gjer at folk blir ulykkelege?

Oppgåve 3

Landet Mardak

  1. Kva skilnad er det mellom dei som har makta i Mardak, og dei øvrige innbyggjarane?
  2. Kva tyder denne skilnaden for makteliten si oppfatning av tilværet?
  3. Kva skjer når Niels seier at han oppfattar guddommen deira som oval?
  4. På kva måte kan Holberg si skildring av tilhøva i landet Mardak verte oppfatta som ein kritikk av statsmakta og kyrkja i Danmark-Noreg på 1700-talet?

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale