Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. OpplysningstidaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Idégrunnlag og filosofar i opplysningstida

Dei politiske ideane i opplysningstida slo ut i full blomst i dei to revolusjonane som kom mot slutten av 1700-talet, den amerikanske og den franske revolusjonen. Ideane var demokratiske og tok utgangspunkt i fridommen og rettane til individet.

Nasjonalgarden i Paris drar ut i hæren, september 1792. Maleri.

Bill of Rights

Men det var i England at ideane i opplysningstida først fekk fotfeste i politikken. Den såkalla «glorious revolution» i 1688 avsette den katolske kong Jakob 2. og innsette dottera og svigersonen hans, Maria og Vilhelm, som dronning og konge. Dei blei lova støtte av Parlamentet dersom dei godtok «Bill of Rights», ei samling av rettsreglar som gav Underhuset større fullmakter til å utøve politikk og til å bestemme over hæren og flåten. Eit anna krav var at kongen også måtte setje saman regjeringa med utgangspunkt i kven som hadde fleirtal i Underhuset. Dette systemet blir kalla parlamentarisme. I dag har vi parlamentarisme også i Noreg. Kongen må vende seg til leiaren av det største partiet etter kvart stortingsval for å be han eller henne om å danne regjering. Parlamentarismen var eit av fleire steg i retning av det vi i dag kjenner som demokrati. Med «Bill of Rights» blei det uråd å innføre einevelde i England.

John Locke sin politiske filosofi

John Locke. Portrett.
John Locke var ein forkjempar for folkesuverenitetsprinsippet.

Den engelske filosofen John Locke gjekk endå eit steg lenger i sin politiske filosofi. Han var både einig og ueinig med Thomas Hobbes. Som Hobbes meinte Locke at den viktigaste oppgåva for staten var å sikre innbyggjarane grunnleggjande naturlege rettar. Berre slik kunne staten legitimere – eller rettferdiggjere – makta si. Makta burde fordelast på fleire instansar. Samspelet mellom styresmaktene og innbyggjarane blei regulert i ein tenkt kontrakt. Locke var derimot ueinig med Hobbes i at menneska var «primitive» i naturtilstanden. Locke meinte at menneska var grunnleggjande fornuftige og tolerante. Dersom styresmaktene ikkje heldt sin del av kontrakten – som var å sikre trygge rammer for alle – hadde innbyggjarane rett og plikt til å gjere opprør og å finne nye makthavarar. Denne retten og plikta bygde på folkesuverenitetsprinsippet, som seier at all statsmakt og styring av samfunnet skal ha grunnlag i folket. Oftast skjer det via eit folkevalt parlament (ei nasjonalforsamling).

Montesquieu og maktfordelingsprinsippet

Locke inspirerte mange av politikarane og tenkjarane i opplysningstida. Han heldt òg liberale verdiar høgt. Den amerikanske grunnlova blei påverka av hans idear. Også i Frankrike var det mange som las skriftene til Locke. Den franske politiske tenkjaren Charles Montesquieu omsette mange av tankane til Locke til politiske styringsprinsipp. Han utfordra eineveldet med maktfordelingsprinsippet. Ideen bak dette prinsippet er at makta i ein stat bør delast mellom tre statsmakter: den utøvande, den lovgivande og den dømmande makta. Dei tre statsmaktene skal utnemnast uavhengig av kvarandre. I Noreg i dag er det regjeringa, Stortinget og domstolane som representerer dei tre statsmaktene.

«Tilbake til naturen»

«Tilbake til naturen» er eit slagord som er blitt tillagt den franske filosofen Jean-Jacques Rousseau. Han tok både Hobbes og Locke sine tankar eit steg vidare, og han blei rekna som radikal i samtida. Han såg for seg at mennesket var fødd med ei rekkje gode eigenskapar, men at storsamfunnet skapte egoistiske og uærlege menneske. Rousseau skreiv om dette i verket Om samfunnspakta, som kom ut i 1762. Han såg for seg samfunnspakta som ein avtale mellom alle innbyggjarane i ein stat, der dei gjekk saman om å sikre sine eigne fridommar og rettar. I motsetning til Locke, som ville ha ein kontrakt mellom dei styrte og dei styrande, ville Rousseau ha ein kontrakt mellom menneska. Den enkelte sin vilje blei med dette overført til allmennviljen, som stod over viljen til den enkelte. Fellesinteresser skulle gå framfor særinteresser. Allmennviljen skulle verke til beste for samfunnet, og han legitimerte maktutøving over enkeltmenneska. Det er likevel noko uklart hos Rousseau kven som skulle syte for at allmennviljen blei gjennomført. Rousseau sine tankar er derfor blitt brukte til å legitimere demokrati og nasjonalisme, men òg diktatur og sosialisme.

Læringsressursar

Opplysningstida

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale