Vi kan dele litteraturhistoria inn i ulike periodar eller stilretningar. Kvar periode er prega av bestemte idéar og historiske hendingar. Vi kan finne dei same tidstypiske trekka i andre kulturelle uttrykksformer, som biletkunst, musikk og arkitektur.

Språket og litteraturen i eit land er heile tida under utvikling, på same måten som kulturen elles. Vi kan beskrive denne utviklinga ved å dele opp kulturhistoria i ulike periodar.
Kvar periode er prega av bestemte historiske hendingar, av vitskaplege, filosofiske og politiske idéar, og kvar periode har sitt eige kulturelle uttrykk. Vi kan sjå tidstypiske trekk i alt frå litteratur, bilete, musikk og arkitektur til møbel, smykke, klesdrakter og andre kulturelle uttrykksformer.
Kvar ny periode byggjer på den kulturen som allereie finst. Overgangane mellom periodane skjer dessutan gradvis, og ofte på ulike tidspunkt i ulike land. Det tek gjerne tid før kulturelle impulsar veks seg sterke nok til å påverke over landegrenser.
Litteraturhistoriske oppslagsverk
Under dette emnet finn du to litteraturhistoriske oppslagsverk:
- Norsk språk- og litteraturhistorisk tidslinje
- Lyrikkhistorisk tidslinje
Du kan bruke oppslagsverka til å lære meir om kva som særpregar dei ulike periodane, og korleis den kulturelle utviklinga i Noreg heng saman med utviklinga elles i Europa.
Kulturhistoriske periodar
Oppslagsverka tek føre seg desse periodane:
- mellomalderen
- renessansen og humanismen
- barokken
- opplysingstida
- romantikken og nyromantikken
- realisme og naturalisme
- modernisme og postmodernisme
Læringsressursar
Litteraturhistoriske oppslagsverk
Fagstoff
Språk- og litteraturhistorisk tidslinje
KjernestoffLyrikkhistorisk tidslinje
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Den eldste lyrikken
KjernestoffAntikken del 1
KjernestoffAntikken del 2
KjernestoffNorrøn tid
KjernestoffSeinmellomalder og renessanse
KjernestoffBarokken del 1
KjernestoffBarokken del 2
KjernestoffOpplysningstid og klassisisme
KjernestoffRomantikken
KjernestoffFrå romantikk til realisme
KjernestoffNyromantikken
KjernestoffTidleg modernisme
KjernestoffPerioden 1905–1945
KjernestoffPerioden 1945–2000, del 1
KjernestoffPerioden 1945–2000, del 2
Kjernestoff