Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Samisk og kvensk litteratur og kulturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Minoritet i eige land

I 90 land verda over lever til saman nærmare 370 millionar menneske som blir rekna som urfolk (2015). Aboriginane i Australia, mayaindianarane i Sør-Amerika, inuittane på Grønland og samane i Norden er alle døme på urfolk.

Urfolk blir ofte definerte som «folk som, heilt eller delvis, har bevart den tradisjonelle kulturen og dei tradisjonelle verdiane og institusjonane, og som levde i eit bestemt landområde før storsamfunnet overtok det, eller staten blei etablert» (ILO-konvensjon nr. 169).

Den aboriginske artisten Albert David under en velkomstseremoni ved parlamentet i Canberra. Foto.

ILO-konvensjon nr. 169

Urfolk er opp gjennom tidene blitt lite aksepterte. Mange har fått sjølvråderetten sin avgrensa av staten dei bur i, og fleire har opplevd, eller opplever enno, forfølging og overgrep. Men i 1989 fekk urfolksamfunna styrkt rettane sine, då FN-organisasjonen ILO (Den internasjonale arbeidsorganisasjonen – International Labour Organization) vedtok nr. 169. . ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar er til no det einaste forpliktande folkerettslege instrumentet om rettane til urfolk. Det vil seie at alle landa som har (godkjent) denne konvensjonen, er forplikta til å etterleve han. Konvensjonen tek til dømes opp retten til tospråkleg utdanning, landrettar og retten til å ta del i avgjerdsprosessar. Etter at konvensjonen blei vedteken, er det verda over blitt meir interesse for urfolka og dei rettane urfolk har. Men urfolk har òg samtidig opplevd at dei blir oversedde. Fram til februar 2016 hadde berre 22 land ratifisert konvensjonen. Dette er ikkje så mange når vi veit at det lever urfolk i 90 land i verda. Urfolksgrupper har òg protestert i samband med jubileum og feiringar knytte til kolonihistoria. Under 500-årsmarkeringa av den europeiske «oppdaginga» av Latin-Amerika i 1992, fremja urfolksgrupper krav om å få tilbake rettar og ressursar som var tekne frå dei under koloniherredømmet.

Noreg og urfolksrettane

Den norske staten behandla lenge samane svært dårleg og førte langt inn på 1900-talet ein uttalt «fornorskingspolitikk». I praksis gjekk denne politikken ut på å ignorere og undertrykkje samisk kultur, særleg gjennom å nekte samane å bruke sitt eige språk i skulen.

Noreg blei seinare ein aktiv pådrivar for ILO-konvensjonen som skal verne urfolk mot overgrep frå statar. Konvensjonen seier at urfolk har rett til å ta vare på og vidareutvikle sin eigen kultur og sitt eige språk. I tillegg har konvensjonen føresegner om rettar til naturressursar og eigedomsrett og råderett over dei landområda urfolka bruker.

Den aukande interessa for rettane til den einaste urfolksgruppa i Noreg, samane, kan knytast til det som ofte blir kalla «Alta-aksjonen». I 1968 starta planlegginga av ei vasskraftutbygging av Altaelva i Finnmark. Det førte til mykje motstand, for utbygginga ville få negative konsekvensar for samisk reindrift, fiske og jordbruk, og for plantelivet i området. I 1978 blei Folkeaksjonen mot utbygging av Alta/Kautokeino-vassdraget etablert. Aksjonen fekk stor støtte i heile landet, noko som gjorde at det for første gong blei retta eit søkjelys mot korleis storsamfunnet påverkar levesettet til samane og dei samiske områda. Alta-aksjonen utvikla seg til ein open strid mellom på den eine sida samiske og lokale interesser, saman med naturvernorganisasjonane, og på den andre sida regjeringa, energistyresmaktene og fylkestinget i Finnmark. Trass i at Folkeaksjonen hadde stor støtte, vedtok Stortinget utbygging, noko som førte til at aksjonistane tok i bruk sivil ulydnad, demonstrasjonar og etter kvart sveltestreik. Noreg fekk etter kvart kritikk internasjonalt for behandlinga av samane. Saka enda med ein dom i Høgsterett i 1982, der det blei slått fast at utbygginga var lovleg. Folkeaksjonen blei seinare oppløyst.

Alta-aksjonen fekk likevel eit viktig etterspel. Som ei direkte følgje av konflikten rundt utbygginga av Altaelva, blei Samerettsutvalet etablert i 1980. Konflikten hadde utløyst eit behov for å avklare korleis staten skulle stille seg til samisk kultur og rettsstillinga til samane. Utvalet la fram den første utgreiinga si i 1984. Denne utgreiinga la grunnlaget for ei eiga samelov, som kom i 1987, ein grunnlovsparagraf om samisk språk, kultur og samfunn i 1988 og opprettinga av det folkevalde organet Sametinget i 1989.[1]

  1. 1«Samerettsutvalget». Jon Knut Berg. Store Norske Leksikon. 2009.

Læringsressursar

Samisk og kvensk litteratur og kultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Marja Bål Nango

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale