Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Samisk og kvensk litteratur og kulturChevronRight
  5. Studer tre samiske diktChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Studer tre samiske dikt

Set tre dikt av forfattaren Risten Sokki inn i ein samisk kontekst.

Lavoraiene står igjen etter sommerboplassen til en reindriftsfamilie. Foto.
Lavvo-raiar som står att etter sommarbuplassen til ein reindriftsfamilie på Finnmarksvidda.

Merkelappen “samisk litteratur”

Dei fleste forfattarane og skribentane har eit motstridande forhold til at nokon set merkelappar på litteraturen dei skriv, slik at tekstane vert stempla som typiske eller særeigne for eit tema, ein sjanger eller ein kultur. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor forfattarane kan vegre seg mot å verte “tagga” på ein slik måte – ein tekst rommar jo så alltid mykje meir enn det ein enkel merkelapp som “kvinnelitteratur”, “queertekstar” eller “arbeidarlitteratur” kan dekkje.

Det same gjeld sjølvsagt også merkelappen “samisk litteratur”. Som lesarar må vi prøve å ha to tankar i hovudet på same tid: Vi må vere opne for at det ikkje finst noka enkel oppskrift på kva samisk litteratur er, for då står vi i fare for å stemple eller forenkle enkeltverk. Samstundes er det fruktbart å vite noko om hovudtendensar som kan hjelpe oss å sjå typiske trekk ved det vi kan kalle samisk litteratur.

Følgjande trekk er typiske for mykje av den samiske litteraturen:

  • Rein og reindrift er brukte både som konkret motiv, språkleg bilete og tema i samisk litteratur.
  • Forholdet til naturen er eit anna viktig tema.
  • Urfolks- og minoritetsperspektivet finn vi i mange tekstar.
  • Tap av språk og identitet vert også tematisert i mange tekstar.

Desse tendensane skal du no prøve å sjå etter i nokre konkrete tekstar.

Forfattaren Risten Sokki

Dikta du no skal jobbe med, er skrivne av den den nordsamiske forfattaren Risten Sokki (1954–). I tekstane sine er ho særleg oppteken av spora etter dei som har levd før oss, spora etter dei som forsvann. Oldefaren til Sokki heitte Aslak Jakobsen Hætta og var ein av leiarane i Kautokeino-opprøret i 1852 – den einaste konflikten mellom samar og norske styresmakter som har endt med tap av menneskeliv. Samiske opprørarar drap både den norske landhandlaren og lensmannen i Kautokeino. Då andre samar greip inn og overmanna opprørarane, førte det til tap av to samiske liv. To av leiarane for opprøret, mellom dei oldefar til Risten Sokkis, vart dømde til døden og halshogde av norske styresmakter etterpå.

Slik er opprøret skildra i ein scene frå Nils Gaups film om Kautokeino-opprøret:

Denne dramatiske familiehistoria har inspirert Sokki til å gå i spora etter forfedra: Kva gjekk tapt då oldefaren vart henretta? Korleis hadde oldemora det som enkje og mor til to små barn? Og har arven etter forfedrane våre noko som helst å seie for oss moderne menneske?

Dikta til Sokki er ofte korte og konsise – slik mange samiske dikt er. Kanskje er det joiken som har farga lyrikken? Dei dikta du no skal jobbe med, er henta frå diktsamlinga Jeg tvinner tvinner slektas sener, som kom ut i 1996. Du finn den norske språkversjonen i oppgåvesettet nedanfor.

Oppgåver

Læringsressursar

Samisk og kvensk litteratur og kultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Marja Bål Nango

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Filmskapar Elle-Máijá Tailfeathers

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale