Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Samisk og kvensk litteratur og kulturChevronRight
  5. Hilbes biigáChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Kjeldemateriale

Hilbes biigá

Det er lite som er «typisk samisk» ved Hilbes biigá. Likevel speglar denne kortfilmen ung samisk verkelegheit i dag. Filmen har blitt vist på ei rekkje filmfestivalar rundt i verda og vunne fleire prisar.

Handling

Femten år gamle Máigon og den beste venninna hennar, Ánne-Sire, lever i ei lita bygd på den arktiske tundraen. Det er sommar, midnattssola skin, og nettene er nattelause.

Den noko naive Máigon blir utfordra av den meir erfarne Ánne-Sire til å debutere seksuelt. Máigon kjenner seg pressa, men ho har sin eigen plan: ein roadtrip til Sverige, men ikkje utan risiko. Hilbes biigá er ein pønkete roadmovie om venskap, seksualitet, grenser, press og ikkje minst lengsel.

Hilbes biigá har fleire likskapar med den svenske spelefilmen Fucking Åmål frå 1998, av regissør Lukas Modysson. Fucking Åmål skildrar ungdomsmiljøet i ein liten tettstad i Nord-Sverige.

Venskap og sjalusi

Regissør Marja Bål Nango og filmen hennar har i tillegg vunne fleire prisar, blant anna debutantprisen Skårungen under Tromsø filmfestival 2015. Juryen meinte filmen var modig, med tema som kan bevege ungdom:

«Årets Skårunge har klart å skape et modig og direkte portrett av vennskap og sjalusi. En film som tar opp store og komplekse tema, og viser indre følelser i tilsynelatende små øyeblikk i livet. Årets vinner får også uerfarne skuespillere til å gi energiske opptredener og liv til karakterene.»
(Lysnes, 2015)

Kjelde

Lysnes, G. K. (2015). Hun er kåret til årets Skårunge. Henta 12. februar 2020 frå https://www.itromso.no/kultur/article10540601.ece

Sist oppdatert 21.06.2019
Tekst: Tina Andersson (CC BY-SA)

Læringsressursar

Samisk og kvensk litteratur og kultur

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale