Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. Nordisk litteraturChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Nordisk litteratur

Nordisk litteratur er litteratur som er skriven på nordiske språk. Det geografiske området som vi kallar Norden omfattar både Noreg, Sverige, Åland, Finland, Danmark, Færøyane, Island og Grønland. Men finsk, kvensk og samiske språk høyrer ikkje til i den nordiske språkfamilien.

Bildet viser et kart over de nordsike land men kjente bygninger, flagg og mennesker i folkedrakter. Illustrasjon.
Norden i søndagstøj er tittelen på dette biletet av Guttorm Pedersen.

Les og analyser tekstar på svensk og dansk

I dette emnet skal du øve deg på å jobbe med nordiske tekstar. Bruk det du har lært om litterær analyse og nordiske språk når du les og analyserer tekstar på svensk og dansk.

Gjer deg kjent med nordiske forfattarar

Du blir også kjent med nokre nordiske forfattarar og nokre litterære verk. Tekstane kan du lese på originalspråket eller i norsk omsetjing. Det er også spennande å finne fram til nordiske tekstar på eiga hand. Mange forfattarar har eigne nettstader med dikt og noveller på originalspråket. På You Tube kan du finne både forfattarintervju og opplesing av litterære tekstar.

Presenter nordiske tekstar i klassen

Ta gjerne utgangspunkt i desse tekstane når du skal presentere eksempel på nordisk litteratur i klassen. Bruk gjerne digitale verktøy. Eit tips er at klassen samarbeider om ein eigen nordisk litteraturblogg .

Læringsressursar

Nordisk litteratur

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale