Hopp til innhald

  1. Home
  2. NorskChevronRight
  3. Tekst i kontekstChevronRight
  4. BarokkenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Salmelitteraturen i barokken

På 1600-talet er den religiøse litteraturen ein viktig litterær sjanger. Salmane er skrivne til bruk under gudstenester i kyrkjelyden og heime, og dei speglar av høgtidene i kyrkjeåret og den kyrkjelege liturgien.

Tittelbladet til tysk sangbok fra 1725. Faksimile.
Dresdener Gesangbuch 1725

Språk og litterære verkemiddel

Etter reformasjonen vart latin avløyst av dansk som kyrkjespråk i Danmark-Noreg. Den første danske bibelomsetjinga kom i 1550. Dansk bibeltekst og danske salmar vart nytta i alle norske kyrkjelydar. Slik fekk det danske språket innpass hos alle nordmenn.

Dei fleste salmane er bygde opp etter eit fast mønster som kyrkjelyden kan kjenne att. Føremålet er å formidle ein religiøs bodskap. Gjennomgangsmotivet i barokksalmane er at alt skal forgå, men gjennom Guds nåde kan mennesket få del i eit liv etter døden.

Språket er fullt av velkjende klisjear som «dødens dal», «sejerspalmer» og «dåbens hellig væde», og av bilete med sterke kontrastar:

  • sorg og glede
  • lykke og ulykke
  • synd og nåde
  • himmel og jord

Salmane skal ikkje nødvendigvis vere originale, dei skal først og fremst vekkje kjensler og få tilhøyrarane til å leve seg inn i bodskapen. Barokkdiktarane var opptekne av at ein skulle gripe dei jordiske gledene, men samstundes komme i hug at det jordiske livet snart ville ta slutt. Derfor finn vi mange dødsmotiv i salmane.

Salmediktarar på 1500- og 1600-talet

  • Thomas Kingo
  • Martin Luther
  • Petter Dass
  • Dorothe Engelbretsdotter

Salmetitlane

Salmetitlane fortel om den religiøse bodskapen, eller dei seier noko om korleis forfattaren tenkjer seg at bodskapen skal brukast. Her er både morgon- og kveldssalmar og salmar mynta på dei store religiøse høgtidene.

«Som den gyldne sol frembryder»

Dette er ein påskesalme som skildrar Jesu oppstode frå dei døde. Påskedramaet vert formidla ved hjelp av sterke kontrastar: sola som bryt gjennom det kolsvarte mørkret, den strålande morgonhimmelen i kontrast til døden på havbotnen.

Som den gyldne sol frembryder

0:00
Som den gyldne sol frembryder

Som den gyldne sol frembryder

gennem den kulsorte sky

og sin stråleglans udskyder,

så at mørk’ og mulm må fly,

så min Jesus af sin grav

og det dybe dødens hav

opstod ærefuld af døde

imod påske-morgenrøde.

I salmen oppmodar Kingo tilhøyrarane til å takke for dette påskeunderet og meditere over den nåden som har vorte alle til del gjennom Jesu død på krossen. Salmen sluttar med bønn og takkseiing, slik det er vanleg i den kyrkjelege liturgien.

Lytt til opplesinga av salmen og sjå heile teksten på nettsida Den Danske Salmebog Online. Her kan du også høyre melodien.

Læringsressursar

Barokken

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Pike med perleøredobb

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale