Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Kva er falske nyheiter?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er falske nyheiter?

Den amerikanske presidentvalkampen hausten 2016 sette omgrepet «falske nyheiter» på dagsordenen. Omgrepet er seinare mykje brukt, både av politikarar og i kommentarar skrivne av vanlege folk. Men kva er eigentleg ei falsk nyheit?

Twittermelding fra president Trump der han beskylder pressen for å komme med falske nyheter. Fakisimile.
I meldingar på Twitter skuldar Donald Trump stadig media for å komme med falske nyheiter.

Den amerikanske presidentvalkampen hausten 2016 sette omgrepet «falske nyheiter» på dagsordenen. Ifølgje medieanalysebyrået Retriever vart omgrepet brukt heile 710 gonger i norske medium i 2016, og 638 av dei kom i november og desember 2016.

Kva er ei falsk nyheit?

Det er mange ulike definisjonar på kva falske nyheiter er for noko, og dei er ofte forvirrande. Det finst ingen offisiell definisjon av falske nyheiter, men NRK tek utgangspunkt i denne definisjonen:

«Falske nyheter er nyheter som bevisst er funnet på eller forvrengt med hensikt. En falsk nyhet vil ofte se ut som en vanlig nyhetssak, men det som står der, har aldri skjedd.»

Medieforskar Bente Kalsnes har følgjande definisjon:

«Nyheter som fremstår som ekte, men som helt eller delvis er basert på løgn. Avsenderen og distributøren kan være mer eller mindre bevisst på løgnen.»

Til ettertanke

Studer dei to definisjonane over. På kva måte er dei forskjellige? Kva definisjon meiner du dekkjer best di forståing av kva ei falsk nyheit er? Del refleksjonane dine med ein medelev og til slutt med heile klassen.

Ulike former for usann informasjon

Medieforskar Bente Kalsnes har valt å dele usann informasjon inn i sju ulike typar:

  1. Satire
    Satire er eit verkemiddel som blir brukt for å latterleggjere eit fenomen. Ofte blir slike åtak retta mot folk som har makt i samfunnet. Då blir handlingane og meiningane deira sette inn i ein ny kontekst, for eksempel i form av fiktive nyheitssendingar. Norske eksempel på satire er Satiriks, NRK si satireside, og Vredens Gnag. Den mest kjende satiresida internasjonalt er kanskje The Onion. Føremålet med satiren er å underhalde, men kan også vere å påverke politisk.
  2. Innhald som er fullstendig falskt
    I juli 2016 kunne nettstaden Newsbreaksher opplyse at pave Frans støtta Donald Trump sitt presidentkandidatur. Innhaldet i denne nyheitsmeldinga var fullstendig falsk. Føremålet med slike fullstendig falske nyheiter kan vere å underhalde, drive med «trolling», påverke politisk, få økonomisk vinst eller svekkje tilliten til media. I aukande grad er det eit ønske om å få auka trafikk til nettstaden sin for å tene pengar på annonsar.
  3. Falske bilete
    Det er fort gjort å spreie falske bilete. Anten blir det gjort med hensikt, eller det skjer fordi ein ikkje har sjekka bileta godt nok på førehand. Eit eksempel på korleis falske bilete kan brukast, kan du sjå i denne artikkelen i ABC Nyheter: Høyretopp sprer falske nyheter. Føremålet med slike falske bilete kan vere å underhalde, drive med «trolling», påverke politisk, få økonomisk vinst eller svekkje tilliten til media.
  4. Innhald som er basert delvis på sanning, delvis på løgn
    3. januar 2017 kunne nettstaden Breitbart.com opplyse om at meir enn 1000 menn ropte «Allahu akhbar» (Gud er størst), sende nyttårsrakettar mot politiet og sette fyr på taket på ei historisk kyrkje i Dortmund i Tyskland. Denne nyheita var berre delvis sann. Fakta synte at det var omtrent 1000 personar samla, men det var både menn, kvinner og familiar med barn. Det var sant at nokon sende rakettar mot politiet, og at politiet ba nokre fjerne seg og arresterte nokre. Men det var ikkje sant at dei sette fyr på ei historisk kyrkje. Ein rakett sette fyr i nettingen på eit stilllas utanfor kyrkja, og det var ikkje gjort med hensikt. Det lokale politiet opplyste om at det totalt var ei roleg natt. Føremålet med slike delvis falske nyheiter kan vere å underhalde, drive med «trolling», påverke politisk, få økonomisk vinst eller svekkje tilliten til media.
  5. Redaksjonelt innhald som blir endra i sosiale medium
    Det er lett å forfalske informasjon på Facebook. Med enkle tastetrykk kan du endre titlar og ingressar på nyheitsoppslag frå medium i Facebook slik at nyheitssaka inneheld falsk og oppdikta informasjon når ho flyt forbi i nyheitsstraumen din. La oss sjå på eit konkret eksempel: I desember 2016 vart slike manipulerte nyheitsoppslag spreidde på Facebook som hets mot venstreleiar Trine Skei Grande. Ho har over tid blitt trakassert og hetsa på Internett, og desse falske nyheitene var ledd i dette. I periodar har hets med drapstruslar ført til at ho har hatt behov for politivern. I denne videoen fortel medierådgivar Hans-Petter Nygård-Hansen deg om kor lett det er å manipulere nyheiter på Facebook: Facebook-manipulering
  6. Ekte nyheiter som blir påstått å vere falske
    Det har hendt at norske politikarar har stempla journalistikk dei ikkje liker, som falske nyheiter. Eit eksempel på det er då ein politikar på Facebook kalla eit intervju i avisa Nordlys for «fake news». Føremålet med slike karakteristikkar kan vere å påverke politisk eller svekkje tilliten til media.
  7. Feil skapt av journalistar
    Det hender rett som det er at journalistar gjer feil. Her er eit eksempel frå lokalavisa Marsteinen på dårleg journalistisk handverk. Men også store redaksjonar kan gjere feil. I NRK Brennpunkts dokumentar «Lykkeland», som handla om eit rumensk nettverk i Bergen, vart det brukt stillbilete av store bunkar med pengesetlar som rumenarane hadde publisert som skrytebilete på eigne Facebook-sider. Det viste seg i etterkant at nokre av desse bileta ikkje var autentiske. Det burde journalistane sjølvsagt ha sjekka.

Desinformasjon og misinformasjon

Omgrepet falske nyheiter blir ofte brukte feilaktig eller upresist. Nyheiter du ikkje liker, er ikkje falske nyheiter. Det same gjeld meiningar du ikkje liker. Om media gjer dårleg journalistisk handverk, gir ei nyheit med skjeiv vinkling eller som ikkje gir heile biletet, så er heller ikkje det ei falsk nyheit.

Det som er viktig i denne samanhengen, er hensikta eller intensjonen. Vi bør derfor skilje mellom desinformasjon, som er eit medvite forsøk på å fordreie, og misinformasjon, som handlar om falsk informasjon som blir spreidd ved ein feil. Kalsnes reknar «Satire» og «Feil skapt av journalistar» som misinformasjon. Dei andre typane karakteriserer ho som desinformasjon.

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale