Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediemakt og ytringsfridomChevronRight
  4. Valkamp i sosiale mediumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Valkamp i sosiale medium

Valkampen går no i stor grad føre seg på sosiale medium. Det fører til større fokus på politikarane som personar. Medierådgjevarane tek over regien. Makta blir overført frå journalistane til politikarane.

Statsminister Erna Solberg tar selvie samme med høgrefolk i Sortland.
Ein selfie høyrer heime når Erna Solberg møter trufaste høgreveljarar i Sortland.

Sosiale medium i valkampen

I innspurten til stortingsvalet hausten 2013 tok sosiale medium for alvor over som valkamparena. Jens køyrte taxi på YouTube ( Taxi Stoltenberg), Knut Arild skifta bleier på Facebook, medan Erna blogga og tvitra natt og dag. I kommunevalkampen hausten 2015 sto politikarane sto i kø for å bli vener med veljarane på sosiale medium.

Journalistane på sidelina

Frå 1880-åra og fram til 1970 var norske aviser talerøyr for eit bestemt politisk parti. Politikarane kunne fritt bruke lojale medium til å fremje dei synspunkta dei ønskte skulle komme fram i valkampen.

På 1970-talet blei dette endra. Den eine avisa etter den andre stod fram som politisk uavhengige. Det same gjorde mylderet av radio- og TV-stasjonar som vaks fram etter at kringkastingsmonopolet blei oppheva på 1980-talet. Det journalistiske idealet i dei uavhengige media var å avsløre det politikarane ønskte å halde løynt. I enkelte TV-debattar blei programleiarane tildelt meir taletid enn politikarane.

Medierådgjevarane tek regien

Når politikarane no vender seg direkte til oss via sosiale medium, er det utan den kritiske korreksjonen som profesjonelle journalistar og redaktørar står for. Spørsmålet er om vi som mediebrukarar er klar over dette, og om vi sjølve evnar å setje spørsmålsteikn ved dei påstandane og løfta politikarane kjem med.

Gunn Enli, som leiar forskingsprosjektet "Sosiale medier og valgkamp" ved Institutt for medier og kommunikasjon ved UiO, peikar på tre konsekvensar av denne utviklinga:

  • valkampen er blitt meir personifisert
  • valkampen er blitt meir uavhengig av journalistar
  • valkampen er meir styrt av medierådgjevarar

Politikerne og deres rådgivere er med de sosiale medienes inntog selv blitt «redaktører» for informasjonen de deler. De sosiale mediene kan slik sies å ha ført til en maktforskyvning fra journalistene til politikerne og apparatet rundt dem, seier Enli til journalistbloggar Kamilla Simonnes ved UIO.

Ulike veljarar på Twitter og Facebook

Twitter er framleis dominert av dei unge og velutdanna, medan stadig fleire trauste, eldre veljarar har funne ein heim på Facebook. Det forklarer kvifor KrF og FrP er mest aktive på Facebook, medan Venstre-politikarar er ivrige tvitrarar.

Felles for alle sosiale medium er at politikarane må "by på seg sjølve". Vi forventar nokre personlege avsløringar og ein utvungen omgangstone når vi møter partileiarane på nettet. Dei er trass alt våre "vener", i alle fall fram til valdagen er over!

Læringsressursar

Mediemakt og ytringsfridom

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale