Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Sprekk trolla verkeleg?ChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Sprekk trolla verkeleg?

Når norske redaktørar skal forsvare kvifor dei slepp hat og framandfrykt til i spaltene, viser dei ofte til at troll sprekk i sollyset. Men er Asbjørnsen og Moe den beste kjelda til kunnskap om fordommanes natur?

Portrett av Sven Egil Omdal. Foto.
Sven Egil Omdal har vore redaktør i Stavanger Aftenblad og er kjent som fast spaltist i fleire norske aviser. Har er også mediekommentator for NDLA.

Av Sven Egil Omdal

Teorien er enkel: Vi veit at det er nokon der ute som hatar alt som er framandt, som fryktar alt som utfordrar eigne tradisjonar og verdiar. Ved å la dei få tømme seg i kommentarfelta på nettavisene, reduserer vi trykket og hindrar at dei eksploderer. Redaktørane vil gjerne vere ein slik ventil, sjølv om det som slepp ut, både er grumsete og luktar ille.

I 1954 publiserte den berømte amerikanske psykologen Gordon Allport ein studie som effektivt tek livet både av myten om trolla sin sterke allergi mot sollys og teorien om at hatefulle lesarinnlegg er ventilen i ein politisk trykkokar. Han kalla boka: The Nature of Prejudice – Fordommanes natur. Det er ikkje slik at det finst ein viss mengde hat der ute som blir ventilert gjennom ytringar, meinte Alltorp. Derimot er det slik at hatefulle ytringar skaper fleire hatefulle ytringar og kan leie til vold.

I dei snart 60 åra som er gått, har mange andre psykologar gjort tilsvarande observasjonar: I staden for å redusere hatet, bidreg sterke angrep på minoritetar, eller til og med ein majoritet som kvinnene, til meir hat. Menn som hatar kvinner, blir ikkje rolegare og meir opne for likestilling av å få fortalt verda kor sterkt dei foraktar feminismen.

Det fins andre forskarar som er ueinige, men det fins ingen som meiner at dagens samfunn bør styrast etter påstandar i folkeeventyra. Fordi massemedia framleis påverkar opinionen gjennom å forme meiningar og stimulere kjensler, er det viktig at redaktørar og journalistar lærer av vitskapen kva for konsekvensar dei ulike redaksjonelle vala får.

Tidlegare i år skreiv ein anonym debattant på Dagbladet.no: ”Norge trenger en lasermann nå før det er for sent”. Lasermannen var ein svensk statsborgar av tysk/sveitsisk opphav som hausten 1991 skaut 12 personar i Stockholm og Uppsala. Tilnamnet fekk han fordi dei offera som overlevde, såg den vesle raude prikken frå eit lasersikte på sin eigen kropp ein augneblink før kula trefte dei. Alle offera var farga, eitt av dei døde.

Ønsket om at Noreg måtte få ein person som kunne skyte farga, blei publisert den 14. juli, åtte dagar før Utøya. Innsendaren nytta seg av høvet til å spreie hatet sitt anonymt. Denne retten har mange norske redaktørar forsvart sidan nettet kom, mens dei aller fleste samtidig har forlangt at alle innsendarar til papiravisene må framstå med fullt namn. No er tida for sjølvransaking komen til dei store redaksjonane. Aftenposten stengde Debattsentralen etter 22. juli, VG stengde for anonym debatt og ber no folk logge seg inn med Facebook-profilen.

Retten til å vere anonym går langt tilbake i norsk offentlegheit. Det er ein viktig rett når urett skal avslørast. Dei som vil varsle om overgrep eller korrupsjon, må kunne gjere det utan sjølve å risikere forfølging. Det må også vere mogeleg for sårbare personar å skildre sårbarheita si utan å bli namngidde. Unge som er usikre på seksualiteten sin, må kunne diskutere homofili og heterofili anonymt.

Retten til å vere ekstrem er ein grunnpilar for ytringsfridomen. Det er dei ekstreme ytringane som treng vern i Grunnlova. Dei meiningane som fleirtalet har, treng ikkje slikt vern.

Men kan retten til å vere anonym kombinerast med retten til å vere ekstrem? Blir samfunnet tryggare dersom nokon får lov til offentleg å hate andre, utan sjølv å måtte vise ansikt? Alltorp laga ein skala over kva uttrykk fordommar kan få. Den går frå negative karakteristikkar og det som ofte blir omtala som ”hate speech”, til forsøk på å utrydde heile menneskegrupper. Anders Behring Breivik starta i den eine enden av skalaen og enda i den andre. Kor sikre kan vi vere på at dei anonyme som i dag hyllar han på nettet, ikkje ein dag vil forsøke å kopiere han?

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale