Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediekritikk og medieforskingChevronRight
  4. MediekritikkChevronRight
  5. Ingen prislapp på æreChevronRight
SharedResourceDelte ressurser

Litterære tekstar

Ingen prislapp på ære

Ingenting er dårlegare eigna til å verne enkeltmenneske mot overgrep frå media enn Pressas faglege utval. Ingenting, bortsett frå alle dei andre ordningane som er prøvde ut.

Møte i Pressens faglige utvalg
Møte i Pressas faglege utval

Av Sven Egil Omdal

Like før jul trykte Dagens Næringsliv eit innlegg der advokat Carl Bore kravde eit heilt nytt system for å handheve presseetikken i Noreg. Det er ikkje godt nok at pressa sjølv utnemner vaktarane sine, og det er for dårleg at dei redaksjonane som krenkjer nokon, slepp å betale store erstatningar. Medieoffera har ikkje eit akseptabelt rettsvern, hevda han.

Som så mykje anna av det vi held på med rett føre jul, er også desse påstandane rein tradisjon. Dei blir framførte med jamne mellomrom, helst av advokatar. Juristane liker ikkje ordningar som går dei i næringa, som løyser konfliktar utan at nokon skriv rekning i etterkant.

Den norske ordninga for handheving av presseetikk har mange svake sider, men er likevel den beste noko land har utvikla. Dei sju medlemmene i Pressas faglege utval er alle oppnemnde av Norsk Presseforbund. To av dei er alltid redaktørar, to er journalistar, og tre representerer folk flest – ofte er dei filosofar, teologar eller tidlegare politikarar. Dei sju skal handheve eit regelverk, Ver Varsam-plakaten, som også er vedteken av Presseforbundet. Sjølvsagt er dette bukken som passar havresekken. Men det er alltid havresekken til nokre andre som blir passa på. Redaktørar frå Dagbladet feller VG, journalistar frå Stavanger Aftenblad kritiserer NRK. Systemet er ei sjølvdømeordning, då er det ikkje så unaturleg at det er pressa sjølv som dømer.

Carl Bore har sett til London og forslaga frå Lord Justice Leveson om å opprette eit kontrollorgan som er uavhengig av pressa, og som kan gje bøter på opptil ein million pund når media går over streken. Men eit slikt organ vil jo også vere avhengig av nokon, det kan ikkje oppnemne seg sjølv. Carl Bore foreslår eigentleg eit medieombod, anten det blir organisert som ein person med eit sekretariat eller som ein komité med eit sekretariat. Mange har foreslått eit norsk medieombod før, men kvar gong nokre har sett seg grundig inn i forslaget, har forslaget forstumma. Den ordninga vi har i dag er betre – også for offera for medieomtalen.

Forskjellen på norsk og engelsk presse er svært stor. Ingen har skulda norske aviser for å avlytte telefonsvararane til 12 år gamle drapsoffer, eller betale privatdetektivar for å stele privat informasjon frå skodespelarar eller fotballstjerner. Ingen sjølvdømeordning kan stoppe redaktørar som heilt har mista det etiske kompasset, men det kan heller ikkje dei ordningane som Lord Justice Leveson foreslår. Det er kriminelle handlingar som rettsapparatet må ta seg av.

Juristane vil gjerne ha eit presseetisk system som liknar på ein domstol, med partsinteresser og sanksjonar. Men dess større bøtene er, dess hardare vil redaksjonane kjempe for ikkje å bli felte. Det vil ikkje bli lettare, men vanskelegare for offera å få medhald. I dag blir svært mange konfliktar løyste før dei hamnar i utvalet. Når nokon kontaktar Norsk Presseforbund for å klage, forsøker sekretariatet først å få til ei minneleg ordning: Kan avisa tenkje seg å korrigere feila og beklage dei? Svært ofte kan avisa det, og den tapte æra blir raskt gjenoppretta, og det utan økonomiske kostnader.

Blir det ei formell klagesak, overtek eit system som er sterkt fordi alle presseorganisasjonane samarbeider om det; både journalistane, redaktørane og utgivarane er saman om å lage reglane og finansiere ordninga. Slik har det aldri vore i Storbritannia. Svenskane har presseombod, danskane har ei offentleg pålagt pressenemnd, tyskarane har eit system som liknar på det norske, men utan representantar for folk flest. Ingen av landa er kjent for å ha eit høgare presseetisk nivå enn Noreg. Forslaget til Carl Bore kan derfor trygt pakkast vekk, saman med den andre julepynten.

Læringsressursar

Mediekritikk

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale