Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Storebror ser deg!ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Storebror ser deg!

USA vil gjerne kalle seg ein forkjempar for demokratiske ideal. Likevel ser vi at både journalistar og borgarar blir overvaka, og at prinsippet om kjeldedevern er under press frå styresmaktene si side.

Obama på møte i Facebooks hovedkvarter. Foto.
Obama i hovudkvarteret til Facebook

Overvaker nett og mobil

I juni 2013 avslørte den britiske avisa The Guardian at den militære amerikanske etterretningstenesta NSA overvaka telefontrafikken til fleire millionar telefonabonnentar. Seinare har det kome fram påstandar om at etterretninga har tilgang til serverane til selskap som Microsoft, Yahoo, Google, Facebook, PalTalk, AOL, Skype, YouTube og Apple.

President Obama forsvarte verksemda. Han hevda at tiltaket var eit helt naudsynt verktøy i kampen mot terror.

Overvaker journalistar

portrett av  Edward Snowden
Edward Snowden har stått fram som kjelde for informasjonen om amerikansk overvaking av mobiler og Internett. Han har tidlegare arbeidd for dei hemmelege tenestene, og kjenner saka innanfrå.

Ein månad tidlegare avslørte det amerikanske nyheitsbyrået Assosiated Press (AP) at telefonlinene deira hadde blitt overvaka av dei amerikanske styresmaktene. Over 100 AP-journalistar skal ha blitt kartlagde. Like etterpå kjem neste skandale: Ein journalist hos Fox News, James Rosen, hadde blitt overvakt ved at dei amerikanske styresmaktene skaffa seg tilgang den private e-posten og telefonen hans.

Obama-administrasjonen blir no klaga for å stå bak den verste overvakingsskandalen i USA sidan Watergateskandalen for snart 40 år sidan. Då forsøkte styresmaktene under leiing av president Rickard Nixon å straffeforfølgje Daniel Ellsberg og Anthony Russo for å ha lekt hemmelegstempla dokument om utvikling i Vietnamkrigen.

Sidan åtaket på World Trade Center 11. september 2001 har USA innført ei rekkje overvakingstiltak som også rammar eigne borgarar.

Pressefridomen og kjeldevern blir krenkt

Den amerikanske regjeringa hevdar at det er straffbart for ein journalist å akseptere gradert informasjon frå ei kjelde. Kritikarane har lenge åtvara om at å slå ned på såkalla ”leakers” er skadeleg for frie medium.

I artikkelen Pressefrihet under press i Dagbladet 24. mai skriv journalist og kommentator Andreas Wiese føljande til desse sakene:

Når myndighetene overvåker journalister på det viset, blir pressefriheten krenket. Da lever man i et samfunn der storebror kan kikke deg i kortene når han selv ønsker.

I et åpent demokrati er det pressens oppgave å avsløre hemmeligheter maktmennesker ikke ønsker avslørt. Det ligger nærmest i kontrakten mellom medier og myndigheter at myndighetene skal prøve å holde sine hemmeligheter hemmelige, mens mediene skal prøve å avsløre dem.

Kjeldevernet er eit sentralt yrkesetisk prinsipp for pressa, og det er eit kategorisk prinsipp. Ver Varsam-plakaten seier at ei kjelde har ein ufråvikeleg rett til vern. Når ei kjelde først er lova anonymitet, skal journalistar og redaktørar aldri røpe identiteten til kjelda, heller ikkje når domstolen pålegg dette.

Retten til kjeldevern står sterkt i Noreg etter Grunnlova, § 100, Den europeiske menneskerettskonvensjonen, artikkel 10 om ytringsfridom, og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, artikkel 19.

Journalistar blir deskreditert

Situasjonen blei ikkje betre då Donald Trump tiltredde som president i januar 2017. Han stempla alle kritiske journalistar som løgnarar, og valde i staden å kommunisere direkte til dei amerikanske borgarane via sosiale medium. På det viset freista han å setje kritisk presse ut av spel, noko som rokkar ved grunnleggjande prinsipp om pressa si rolle i eit demokratisk samfunn.

Twittermelding fra president Trump der han beskylder pressen for å komme med falske nyheter. Fakisimile.

Nestleiar i Norsk journalistlag, Hege Iren Frantzen, karakteriserer i bladet Journalisten ei slik utvikling som farleg:

– Jeg håper jo folk forstår at informasjonen som kommer direkte fra partier, politikere eller bedriftsledere er subjektiv. Det er informasjon helt uten kritiske spørsmål, uten faktasjekk. Det er ikke det samme som pressens informasjon, og å glemme det vil være farlig for folket, seier ho.

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale