Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Ut i verdaChevronRight
  4. Kven skal redde Afrika?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kven skal redde Afrika?

Vestlege medium forsterkar stereotype oppfatningar av afrikanske land. Ofte handlar historiene om kvite som skal "redde Afrika".

Ung afrikansk jente ser på verdenskart. Foto.
Kva for bilete av det afrikanske kontinentet er det mediene viser fram?

Yes, we know it's Christmas!

Rett før jul 2011 svarer ei gruppe afrikanske musikarar på Bob Geldofs 28 år gamle song Do they know it's Christmas? Svaret dei gir, er: " Yes, we know it’s Christmas!" Ifølgje ei sørafrikansk nettside blei han gitt ut med songaren Boomtown Gundane i spissen. Gundane fortalde at inntektene frå songen skulle gå til å lære britiske skulebarn disiplin, å lese og om prevensjon.

Det viste seg ganske snart at det heile var skjemt, men då hadde sosiale medium verda rundt spreidd nyheita. Gundane sa at han håpa dette ville gjere han til ekspertkjelde på britisk politikk og økonomi, slik Bob Geldofs song nesten 30 år tidlegare gjorde han til ei av dei sentrale mediestemmene i verda om det meste som gjeld det afrikanske kontinentet.

Fordummande stereotypi?

Skjemten trefte tilsynelatande ein nerve. Vi kan sjå han som ein parallell til diskusjonane om dei årlege norske innsamlingsaksjonane på TV. Er dei samfunnsnyttige, eller skaper dei fordummande stereotypiar? TV-aksjonane er utvilsamt velmeinte, men mediebileta – både dei visuelle og dei språklege – kan vere med på å oppretthalde skiljet mellom "oss" og "dei", og ikkje minst: ideen om afrikanarar som passive trengjande.

Felles for mange TV-innsamlingar, hollywoodfilmar eller nettkampanjar som Kony 2012 er førestellinga om at den kvite, modige, ofte mannlege, helten skal "redde" Afrika. Nokre av desse mediebileta kan seie mykje om Noregs nasjonale sjølvbilete, og vi høyrer eit ekko av Terje Tvedts omgrep "godheitsregime". Eller som Tvedt hevda, NRKs TV-aksjon speglar "journalistikken sitt absolutte samanbrot og verda omskapt til kulisse for Den Gode Intensjonen". Kjelde: Dagbladet: TV-aksjonen har utspilt sin rolle

I tillegg kan slike førestellingar om menneskegrupper som passive og ute av stand til å gjere noko med eigne livsvilkår vere til direkte hinder for handel og samarbeid, langsiktig utvikling og endring.

Afrika er ikkje eit land

Kirurger i arbeid i Uganda.
Dette er også afrikansk røyndom. Her utfører ugandiske kirurgar ein komplisert operasjon.

Det afrikanske kontinentet har 52 land med enorm spennvidde i kultur, sosiale forhold, historie og økonomi. Likevel skjer det jamleg, for eksempel når dei nye NRK-korrespondentane blir gjorde kjende i media: Éin skal til Washington, éin til Brussel, éin til Stockholm og éin til "Afrika".

6 av dei 10 raskast veksande byane i verda er afrikanske, og her skjer også ein teknologivekst nesten utan sidestykke. For nokre år sidan snakka ein om at det var fleire fasttelefonar på Manhattan i New York enn på heile det afrikanske kontinentet til saman. Millionar av afrikanarar har hoppa bukk over fasttelefonen og gått rett til mobiltelefoni. Ei rekkje avanserte system som pengeoverføring frå mobil til mobil og oppfølging av HIV-/aidssjuke skjer no via mobiltelefonen.

"På vegne av"-journalistikk

Framleis er media i svært stor grad prega av ei ovanfrå-og-ned-haldning og "på vegner av"-journalistikk når dei rapporterer frå det afrikanske kontinentet. Ekspertar frå nord fortel oss på vegner av afrikanarane sjølve om kva som skjer. Kvifor kjem vanlege folk så sjeldan til orde som det Elisabeth Eide kallar konsekvensekspertar, eller kvinna i gata? Kvifor får vi aldri sjå afrikanarar diskutere politikk på TV?

Det er langt på veg dei same nyheitskriteria som styrer utvalet av nyheiter frå sør som frå resten av verda, men det er kanskje ikkje nok sidan vi manglar det breie biletet. Ser vi for eksempel eit nyheitsinnslag om ein orkan i USA, har vi mykje annan kunnskap om landet som vi kan flette nyheita saman med. Kanskje treng vi meir populærkultur frå sør til nord?

Læringsressursar

Ut i verda

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale