Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Inntektskjelder og stønadsordningarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Inntektskjelder og stønadsordningar

I Noreg har vi offentlege stønadsordningar som sikrar mediemangfald. Nokre medium får betydelege inntekter gjennom å distribuere reklame. Men analoge og digitale medieprodukt er noko vi som forbrukarar også må vere villige til å betale for.

Norske aviser, kronestykker og den norske løve. Kollasje.

Inntektskjelder

Inntekter frå abonnement og laussal

For papiravisene er sal av aviser (opplag) ei viktig inntektskjelde, anten via abonnement eller laussal. Det gjeld spesielt for riksdekkjande aviser som Aftenposten, VG og Dagbladet. Mange nettaviser har betalingsmurar som gjer at berre abonnentar får tilgang til å lese innhaldet i dei sakene som blir publiserte. Andre nettaviser tek berre betalt for artiklar som dei trur er svært attraktive for lesarane.

Inntekter frå produktsal og ikkje-journalistiske tenester

Kommersielle TV-kanalar tener pengar på sal av produkt. Det gjeld hovudsakeleg sal av kanalpakkar (f.eks. fotballpakkar) og ulike strøymetenester.

Nokre mediehus tener også pengar på ikkje-journalistiske tenester. For eksempel tener mediehuset Schibsted svært godt på Finn.no, ein norsk marknadsplass på nett som formidlar ulike typar annonsar og tenester for privatpersonar og bedrifter. VG får gode inntekter frå tenester som Vektklubben.

Reklameinntekter

For både lokale og nasjonale kommersielle kringkastarar er reklame den viktigaste inntektskjelda. Fram til 2015 var reklame også den viktigaste inntektskjelda for avisene. Dei siste tala frå Medietilsynet viser likevel at både i nærradioane, papiraviser og nettaviser går inntektene frå reklame nedover.

Tap av reklameinntekter, saman med mangel på gode betalingsløysingar på nettavisene, er noko av grunnen til at det har vore økonomisk vanskelege tider i avisbransjen dei siste åra. Dette har særleg ramma journalistikken. Mange avisjournalistar har mista jobben som ei følgje av at eigarane må spare pengar.

Noko av grunnen til at reklameinntektene til media søkk, skuldast at avisene ikkje er like attraktive annonsestader som dei ein gong var. I dag har store digitale aktørar som Facebook og Google teke over mykje av marknaden. Grunnen er at desse blant anna har moglegheiter for å sikre at annonsen når rett målgruppe, i langt større grad enn det avisene nokon gong har kunna lova.

På jakt etter nye inntektskjelder

I ei økonomisk nedgangstid er mange mediehus opptekne av å finne nye måtar å tene pengar på. Dette er eksempel på forslag:

  • innhaldsmarknadsføring
  • betalingsmurar for nettaviser
  • kjøp av enkeltartiklar i staden for abonnement på heile avisa
  • ikkje-journalistiske tenester (f.eks. Finn.no, Vektklubben.no osv.)
  • meir fokus på kvalitetsinnhald som folk er villige til å betale for

Lisens

NRK er i særstilling når det gjeld inntening, og har lisens som den viktigaste inntektskjelda. Lisens er ei lovpålagd offentleg avgift som i utgangspunktet alle eigarane av fjernsynsmottakarar er pliktige å betale. I dag vel mange å sjå NRK sine fjernsynsprogram på nett. Mange brukarar av NRK sine tenester har ikkje ein eigen fjernsynsmottakar. Det er derfor aktuelt å leggje om ordninga, for eksempel ved å krevje inn lisensen via skattesetelen.

Statlege stønadsordningar

Det overordna ansvaret til Staten på medieområdet er å fremje ytringsfridom og demokrati ved å leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale, i tråd med § 100 i Grunnlova. På slutten av sekstitalet vart det innført statleg pressestøtte i Noreg. Dette var ei tid med mykje avisdød, og føremålet var å redde mindre aviser som elles ville gått dukken i konkurranse med store og pengesterke konkurrentar. Tiltaka var momsfritak og direkte pengeoverføringar, og målet var å oppretthalde mediemangfald.

Den opphavelege pressestønadsordninga var tilpassa ein mediesituasjon der papiravisene spelte ei svært viktig rolle. Men mediebiletet har endra seg. Fleire radio- og TV-kanalar og nye, digitale medium gjer at stønadsordningane er endra.

Statlege stønadsordningar i 2017:

  • momsfritak for papiraviser
  • produksjonstilskott til nyheits- og aktualitetsmedium
  • tilskott til vekeaviser
  • tilskott til samiske aviser
  • tilskott til minoritetsspråklege publikasjonar
  • tilskott til lokalkringkasting

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter