Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Norsk mediepolitikk og medieøkonomiChevronRight
  4. Ungdom, mediemangfald og mediepolitikkChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Ungdom, mediemangfald og mediepolitikk

Bilde. Gutter sitter rundt et bord. ER blide.

Oppgåve 1

De unge har ein annleis mediebruk enn andre grupper i samfunnet. Nokre er uroa for at denne mediebruken kan føre til at de i liten grad held dykk orientert om verda rundt dykk, og at de ikkje deltek i samfunnsdebatten. Og det er her mediepolitikken kjem inn.

Prøv å finne svar på problemstillingane nedanfor saman med medelevar. Det kan de gjere på mange ulike måtar. De kan stille spørsmål på gata, intervjue medelevar, lage ei spørjeundersøking osv.

Problemstillingar:

  • Er de unge orientert om samfunnet og verda rundt dykk, og deltek de i samfunnsdebatten?
  • Kva medium nyttar de til det?
  • Kva tiltak kan styresmaktene gjere for at de skal halde dykk orientert om samfunnet og verda rundt dykk?

Presenter resultatet for resten av klassen og medelevar på skulen. Diskuter så i klassen kva tiltak styresmaktene kan gjere for at de skal halde dykk orientert om samfunnet og verda rundt dykk.

Oppgåve 2

  • Kvifor bør unge lese lokalavisa?
  • Kva tiltak bør lokalavisa gjere for å få unge lesarar?
  1. Diskuter desse spørsmåla med ein medelev. Gå så saman med resten av klassen og diskuter dykk fram til tre grunnar og tre tiltak i prioritert rekkjefølgje.
  2. Ta deretter kontakt med lokalavisa og høyr kva tiltak dei gjer for å få unge lesarar.
  3. Presenter så for redaksjonen i lokalavisa det de kom fram til i diskusjonen i klassen.

Oppgåve 3

Føremålet med den direkte pressestøtta er å sikre eit mangfald av aviser. Derfor gir ein blant anna produksjonsstøtte til aviser som har eit alternativt politisk syn eller verdisyn, til aviser som er utsette for sterk konkurranse («nummer-2-aviser» lokalt), eller til aviser som har ei viktig rolle lokalt.

  1. Kva for nokre av desse seks avisene vil du gi pressestøtte ut fra måla med den norske mediepolitikken?
    • Bergens Tidende
    • Bergensavisen
    • Verdens Gang
    • Laagendalsposten
    • Klassekampen
    • Sør-Varanger Avis
  2. Grunngi kvifor du vil gi støtte til desse avisene. Diskuter så med ein medelev.
  3. Presenter det de kom fram til, for resten av klassen.

Oppgåve 4

I samband med kommunevalet i 2015 såg under 6 % av befolkninga i aldersgruppa 18–39 år den siste TV-debatten. Store publikumsgrupper, som de unge, er ikkje lenger tilkopla dei tradisjonelle måtane samfunnet har pleid å handtere politiske prosessar på.

NRK har no sett ned ei arbeidsgruppe som skal prøve å nå unge veljarar. Dei ønskjer svar på korleis ein kan sikre at meir enn 6 % av befolkninga orienterer seg i forkant av stortings- og kommuneval. Då tenkjer dei spesielt på korleis dei kan nå unge menneske.

  1. Gå saman i grupper på tre elevar og diskuter dykk fram til forslag til denne arbeidsgruppa. Set så forslaga i prioritert rekkjefølgje.
  2. Presenter det de har komme fram til, for resten av klassen.
  3. Send gjerne det klassen har komme fram til, til NRK.

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og medieøkonomi

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter