Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Mediebruk og mediepåverknadChevronRight
  4. Dataspel og påverknadChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dataspel og påverknad

Personlege behov styrer måten vi bruker media på. Ekstrem mediebruk kan vere eit symptom på eit problem, og ikkje årsaka til problemet.

Scene fra dataspillet Call of Duty: Modern Warfare 3.
Scene frå dataspelet Call of Duty: Modern Warfare 3.

Bruk av dataspel blant barn og unge

Rapporten Problemskapende bruk av dataspill (2011) viser at dataspel er ein naturlig del av mediekvardagen vår, spesielt blant barn og unge. Det å spele er underhaldande og kan bidra positivt til at barn og unge utviklar sosiale ferdigheiter og opplever meistring. Ei undersøking frå Medietilsynet, Barn og digitale medier 2010, viser at 9 av 10 unge mellom 9 og 16 år speler dataspel, og nesten halvparten i alderen 9–16 år speler meir enn tre timar i veka. Undersøkinga viser også forskjell på kor mykje tid jenter og gutar bruker på spel.

Spel og verkelegheit

I rettssaka etter 22. juli kom det fram at Anders Behring Breivik brukte dataspelet Modern Warfare til å øve seg på å skyte og drepe menneske. Er det slik at dataspel ikkje berre inspirerer til, men også er årsaka til slike uforklarlege handlingar som dei vi var vitne til 22. juli? I ein kommentar i VG stiller Hanne Skartveit spørsmålet om krigerske dataspel har drege ein gal mann inn i ei verd der han ikkje lenger har klart å skilje mellom spelet og røyndomen. Er dette ekte spillegalskap?

Diskusjonen om vald i media er ikkje ny. Ein liknande diskusjon gjekk allereie på 1920-talet då teikneseriane dukka opp. Det er forska mykje på samanhengen mellom vald og mediebruk dei siste 50 åra. Det å bruke media har blitt ein naturlig del av kvardagen vår. Mykje av den kunnskapen vi har, og det vi har opplevd, stammar frå media. Men media opptrer i samspel med andre element i samfunnet. Eigne opplevingar og haldningar i nærmiljøet speler også inn.

Kva seier spelforskaren?

Ein av de fremste forskarane på området er Faltin Karlsen, førsteamanuensis ved Norges Informasjonsteknologiske Høgskole. Innspela hans har nyansert samfunnsdebatten om dataspel blant barn og unge. Som svar på spørsmål frå Desk.no om ein kan avfeie at dataspel har hatt noko å seie for terrorangrepa 22. juli, seier Faltin Karlsen dette:

Alle medier gir folk erfaringer og opplevelser. Dataspill skiller seg ikke fra andre medier i det henseende. Erfaringer fra spill er også en erfaring. Men forskning viser at folk ofte fortolker medier svært forskjellig. Hva slags hensikt en person har for å lese en bok, høre på musikk eller spille et spill, kan være vesentlig for å forstå hvordan mediet fortolkes. Dataspill er ikke drapssimulatorer som lærer ellers fredelige folk å ta liv, som noen synes å tro. Man vet på den annen side at voldelige personer ofte tiltrekkes av voldelig medieinnhold i filmer og spill nettopp fordi det tematiserer noe de har interesse av i utgangspunktet.

Han viser også til at ein svensk studie seier det ikkje finst nokre klare indikasjonar på samanheng mellom medievald og faktisk val. Men studien fann støtte for hypotesen om at aggressive personar ofte oppsøkjer medium med valdeleg innhald. Det klaraste funnet var at psykososiale faktorar og familietilhøve påverkar både aggresjon og preferansar for valdelege dataspel.

Kva seier psykologen?

Psykolog Atle Dyregrov er usamd med Faltin Karlsen. Han tvilar på at ein medieforskar er kompetent på dette området.

Å ikke se denne sammenhengen er som å avfeie studier mellom røyking og kreft og ingen ved sine fulle fem kan se bort fra all forskningen som påviser at det er en sammenheng mellom barn som ser vold på video og opplever dette i dataspill, og deres voldelige tendenser ellers. De som spiller voldelige dataspill har større sjanse for å utvise aggressiv adferd og tanker.

Viss ikkje media påverkar oss, kvifor i all verda blir det då brukt så store summar på reklame i dei same media, spør Dyregrov i bldet Computerworld.

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs

SubjectEmne

Kildemateriale