Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Reklamefilmen

Føremålet med ein reklamefilm er å selje eit produkt eller ei teneste. Reklamefilmar blir viste både på kino, på TV og på nett. Identifikasjon og truverde er viktig i all reklame. Reklamefilmar bruker elles dei same verkemidla som spelefilmar.

Utdrag frå programmet "Reklame i 100 år" (NRK).

Film i fortetta form

Som i all annan reklame er føremålet med reklamefilmen å skape merksemd rundt eit produkt eller ei teneste. I motsetning til reklamefotoet og reklameplakaten kan filmen fortelje ei historie med både innleiing og slutt. Eit godt plot er alfa og omega. Formidling av fakta er av mindre verdi.

Reklamefilmen bruker dei same filmatiske verkemidla som spelefilmen, men har ei meir fortetta form. Ikkje minst gjeld det reklamefilmar som skal visast på TV. Det er vanleg å lage desse slik at dei kan visast i fullversjon, kortversjon eller ein kort kortversjon, alt etter kor mange reklamesekund ein har til rådvelde.

Identifikasjon

Filmmediet er eit sterkt medium som lett appellerer til kjenslene våre. Derfor er det viktig at vi kan identifisere oss med dei menneska og dei situasjonane vi møter i filmen. Dei fleste av oss synest gamle reklamefilmar er rare. Folk oppfører seg og snakkar på ein måte som vi ikkje kjenner oss igjen i. Det er også grunnen til at amerikanske eller franske reklamefilmar sjeldan slår godt an i Noreg.

Dei mest effektive reklamefilmane er dei som treffer grunnleggjande kjensler som vi alle kjenner oss igjen i: behovet for nærkontakt, omsorg og for å lykkast i kvardagen. Humor blir brukt mykje i reklamefilmar. Ein god latter gjer at vi knyter positive kjensler til reklamebodskapen.

Truverde

Truverde er viktig. I Noreg er vi oppfostra til å avsløre alle som prøver å påverke oss i ei bestemt retning. Derfor er det eit smart trekk av reklameprodusentane å spele på ironi. Som kjent: ”Solo hjelper kun mot tørste”. Var det ikkje det vi visste!

Sjå reklamefilmen Solo - Sannsynligvis den eneste brusen som ikke hjelper mot noe annet enn tørsten

Eksempel på reklamefilm

Saftbygda Lerum

Læringsressursar

Marknadskommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter