Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MedieanalyseChevronRight
  5. Beskriv eit måleri av Mona LisaChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Beskriv eit måleri av Mona Lisa

Leonardo da Vinci har måla det verdskjende biletet Mona Lisa. Studer detaljane i biletet og forsøk å setje ord på det du ser.

Mona Lisa. Maleri
Leonardo da Vincis måleri av Mona Lisa.
  1. Beskriv personen midt i biletet: alder, kjønn, klede, positur, kroppsspråk.
  2. Beskriv gjenstanden i framgrunnen.
  3. Beskriv det du ser i bakgrunnen. Her er det mange detaljar, så ver nøye!
  4. Beskriv lyset i biletet: Kvar kjem lyset frå? Kva er opplyst, og kva ligg i skuggen?
  5. Beskriv fargane som er nytta i måleriet.
  6. Samanlikn beskrivinga di med beskrivinga til ein medelev. Kva er likt? Kva er forskjellig?
  7. Ta utgangspunkt i noko de har beskrive forskjellig, og diskuter om dette kan skuldast at de har tolka det de ser, på ulik måte.

Læringsressursar

Medieanalyse

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter