Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. ArtikkelenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Artikkelen

Ein nyheitsartikkel er ein sakleg og objektiv tekst som fortel om noko som har hendt. Leiarartikkelen er ein kommentar frå redaktøren til ei aktuell hending, og målber avisa sitt offisielle syn på saka.

Mann med avis

Kva er ein artikkel?

Sjangernemninga artikkel er ei nemning som omfattar ulike typar saktekstar. Artikkelen er først og fremst informativ og objektiv i forma. Hovudvekta ligg på å gjere greie for ei sak eller eit emne.

Til artikkelsjangeren hører fleire undersjangrar:

  • nyheitsartiklar
  • leiarartiklar
  • kronikkar
  • petitartiklar

Kronikkar og petitartiklar har ei meir subjektiv form og er prega av personlege skrivemåtar og kreativ bruk av språklege verkemiddel.

Nyheitsartiklar og bakgrunnsartiklar

Nyheitsartiklar er den mest vanlege avissjangeren. Nyheitsartikkelen fortel fakta om noko som har hendt, og set ofte lys på hendinga frå ulike sider. Teksten er som oftast utforma slik at det viktigaste kjem først, og gir svar på spørsmåla kven, kva, kor, når, kvifor og korleis. Større aviser har i tillegg lengre bakgrunnsartiklar om historiske hendingar, vitskaplege teoriar eller politiske vedtak som er viktige for å forstå dei dagsaktuelle hendingane.

Vi forventar at innhaldet i artikkelen skal vere seriøst, og den objektive skrivestilen innbyr heller ikkje til bruk av verkemiddel som ironi, under- og overdriving, slangord og munnleg språk. Artikkelforfattaren bruker med andre ord eit korrekt normalspråk utforma i fullstendige setningar.

Viktige kjenneteikn på ein nyheitsartikkel:

  • ein ingress som svarar på spørsmåla kven, kva, når, kvifor og korleis
  • sakleg og objektivt språk
  • det blir kasta grundig lys over saksforholdet eller emnet
  • vurdering av argument for og mot
  • god samanheng i resonnementet

Leiarartikkelen

Leiarartikkelen er ein kommentar frå redaktøren til ei aktuell sak eller hending. Leiarartikkelen har ein fast plass i avisa, og er oftast ramma inn og skilt ut på ein tydeleg måte. Leiaren legg fram avisa sitt offisielle syn på aktuelle saker, og slik sett er han subjektiv i forma.

Men leiarartikkelen er likevel skriven i ein sakleg stiltone. Språket kan vere prega av ein tung setningsstruktur, og ofte kan det vere bruk av framandord i ein argumenterande tone. Eit typisk trekk for leiarartikkelen er bruken av vi i staden for eg. Denne skrivestilen blir kalla redaksjonelt fleirtal, og vi-forma uttrykkjer at det er avisas meining som kjem til uttrykk.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale