Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. Fakta og fiksjon ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Fakta og fiksjon

Fakta handlar om noko som faktisk finst eller har skjedd. Fiksjon er noko som er dikta opp. Ein faksjon framstiller faktiske hendingar ved hjelp av fiktive verkemiddel.

scene fra filmen Max Manus
Filmen Max Manus fortel ei fiktiv historie om noko som faktisk har skjedd.

Fakta og fiksjon

Det viktigaste sjangerskiljet går mellom fakta og fiksjon. Ein fiktiv tekst er ein oppdikta tekst, mens ein faktatekst handlar om noko som faktisk finst eller har skjedd. Dette skiljet finn vi igjen i alle medium, i aviser, radio, fjernsyn, film og nettmedium.

Sjangeren forpliktar

Den som vel å framstille ei sak som fakta, er forplikta på fakta, og om han eller ho diktar opp noko, så er det løgn. Den som skriv fiksjon, kan skildre verkelege personar, episodar frå eige liv, historiske hendingar og reelle stader om han vil, men forfattar og lesar er likevel einige om at teksten skal oppfattast som oppdikta.

Sjangeren skaper bestemte forventningar hos lesaren. Når vi les om urettferd eller brottsverk i avisa, ventar vi at politiet eller politikarane skal gripe inn, og at dei skyldige må stå til rette. Det som kjem fram i ein roman, får ikkje slike konsekvensar. Vi kan leve oss inn i historia og reflektere over ho, men det er ikkje meininga at vi skal oppsøkje romanpersonen eller krevje rettferd og oppreising for han eller ho.

Faksjon

Faksjon er ei mellomform mellom fakta og fiksjon. Eit eksempel på faksjon er dokudramaet. Faksjonen tek utgangspunkt i noko som faktisk har hendt, men forteljinga bruker verkemiddel som vi kjenner frå fiksjonssjangrar.

Forfattaren Karl Over Knausgård skapte heftig debatt då romanserien Min kamp kom ut. I romanane fortel han i detalj om vener og familiemedlemmer.

Intervju med Karl Ove Knausgård

Ein liknande debatt oppstod i kjølvatnet av dei norske fiksjonsfilmane Max Manus og Kon-Tiki, der historiske personar blir framstilte med fiktive eigenskapar. Kon-Tiki gir et grovt uriktig bilde av min far

Kritiske røyster hevdar at utvasking av skiljet mellom fiksjons- og faktasjangrar gjer det vanskeleg å skilje historiske fakta frå oppdikta historier. Spesielt gjeld dette menneske som ikkje sjølve har opplevd det som hendte.

Til fordjuping

Tryggve Tollefsen: Fiksjon eller fakta Formidling av virkeligheten og underliggende strukturer i fortellingen. (Anbefales!)

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale