Hopp til innhald

  1. Home
  2. Medie- og informasjonskunnskapChevronRight
  3. Medietekstar og medieanalyseChevronRight
  4. MediesjangrarChevronRight
  5. SåpeseriarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Såpeseriar

Ein såpeserie er ein TV-serie der ein episode blir vist kvar dag eller kvar veke over lang tid. Rollefigurane blir jamleg skifta ut, og nye konfliktar blir innført undervegs. Kvar episode blir avslutta med ein uløyst konflikt

Hotell Cæsar 1998
Nokre såpeseriar har gått i årevis, for eksempel den norske dag-såpa Hotel Cæsar som er blitt sendt samanhengande på TV2 frå 1998. Biletet er frå den første episoden.

Dag-såpe og kveld-såpe

Då TV-seriane kom på svartkvit-skjermen i dei amerikanske heimane, var det stort sett humor- og såpeseriar som blei viste. Den klassiske TV-serien blir gjerne kalla såpeserie. Ganske tidleg fekk vi to utgåver av desse seriane:

  • Dag-såpe er seriar der ein viser ein episode kvar dag.
  • Kveld-såpe er meir påkosta produksjonar. Det er vanleg å vise ein episode i veka.

Personar og konfliktar

Typisk for oppbygginga av den klassiske såpeserien er at ein innfører eit persongalleri som blir skifta ut etter kvart som skodespelarane sluttar eller blir sparka, eller ratingsystemet viser kven som er dei mest populære rollefigurane. I dag har mange seriar eigne fangrupper i sosiale medium som påverkar manusforfattarar og produsentar. True Blood-produsenten takkar fansen

Seriane innfører fleire parallelle konfliktar og konsentrerer seg om å vise nokre av dei kvar gong. Avslutninga av kvar episode inneheld fleire uløyste konfliktar, gjerne i form av . Dette blir særleg tydeleg når avslutninga på sesongen nærmar seg, og ein skal motivere sjåaren til å vente på neste sesong.

Sjanger i utvikling

Åttitalet var ein gullalder for såpeoperaene med seriar som Dallas og Dynastiet. Historiene blei lengre og meir innfløkte og fortalte på ein måte som fenga publikum. Karakterane blei meir dynamiske. Dette var kvalitetssåpe som var meint til sending på kveldstid ein gong i veka, til skilnad frå kvardagssåpa som gjekk i halvtimesepisodar kvar dag, på dagtid.

Såpeserien Dynastiet vekte stor debatt første gongen han blei sendt på norsk fjernsyn på 1980-talet.

På nittitalet kom seriar som braut med det etablerte. Twin Peaks og X-files var blant dei første. Den generelle samfunnsutviklinga gjorde at grensene for kva såpeseriane kunne vise av sex, vald og umoral, blei utvida.

Frå såpe til kvalitetsdrama

Dei siste ti åra har det skjedd nærast ein revolusjon når det gjeld kvaliteten på amerikanske dramaseriar. Produksjonsselskapa hyrer inn manusforfattarar og regissørar frå filmbransjen. Den utskjelte såpa har gjennomgått ei utvikling som i dag gjer at mange seriar kvalitetsmessig overgår kinofilmen. Seriar som The Wire, Deadwood, Sopranos, Lost, Mad Men, 24 timer, The Borgias, Rome og True Blood har dynamiske karakterar og kompleks dramaturgi. Seriane tek også opp kontroversielle tema.

Kvalitetsseriar er kostbare å produsere. Når ein likevel gjer det, har det samanheng med at seriane no blir distribuerte i fleire kanalar og på fleire plattformer.

Retta mot kvinner

Opphavleg blei seriane laga med heimeverande kvinner som målgruppe, og innhaldet tilpassa dette. Kvalitetsseriar krev meir av sjåarane. Du kan ikkje lenger tørke støv og sjå TV samtidig. Målgruppa for såpeseriar er i dag ei velutdanna og kjøpesterk middelklasse.

Læringsressursar

Mediesjangrar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgåver og aktivitetar

SubjectEmne

Kjeldemateriale