Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Reiseliv, helse, omsorg og læringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bedrifter som tilbyr naturbaserte aktivitetar

Naturbaserte reiseopplevingar er populære, og eit aukande tal bedrifter tilbyr aktivitetar i naturen. Ein del av desse bedriftene er sertifiserte som økoturismebedrifter.

Fluefisking. Foto.

Lengst nord i landet, nærare bestemt i Finnmark, er det fleire bedrifter som har spesialisert seg på å tilby turistar naturbaserte aktivitetar, basert på lokale naturressursar og lokal kultur og tradisjon. To av desse bedriftene som vert nemnde her, driv med grønt reiseliv og er sertifiserte som økoturisme-bedrifter.

Berekraftig

Begge bedriftene er opptekne av å ta vare på miljøet, og dei arbeider hardt for å kunna tilby opplevingar frå ei berekraftig driftsform, basert på lokale ressursar.

Marit Sund og Arbe Liaklev i Pasvik driv overnattingsstaden Ellentjern og tilbyr gaida turar i naturen til gjestene sine. Hundekøyring, rovfuglkikking og padling i kano eller kajakk er nokre av opplevingane gjestene kan få her.

Hos Ingjerd Tjelle på Ekkerøy får ein oppleva naturen på nært hald. Bedrifta hennar er klassifisert som den første økoturisme-bedrifta i Finnmark, og den 13. i Noreg. For å verta godkjend som økoturisme-bedrift må ein tilfredsstilla hundre krav i ei streng nasjonal merkeordning.

Økoturisme

Norsk økoturisme byggjer på dei internasjonale prinsippan for økoturisme, og følgjer dei internasjonale måla for økoturisme som FN og Den internasjonale økoturismeforeininga tilrår. Samtidig er norsk økoturisme bygd på og tek omsyn til reiselivsstrukturen og dei miljøutfordringane vi har i Norge. Tilfredsstiller ein krava til godkjenning som Norsk økoturisme stiller, tilfredsstiller ein også dei internasjonale måla for økoturisme.

Finn ut meir

På sidene til Norsk økoturisme finst det ei oversikt over godkjende økoturismebedrifter.

Finn heimesida til ei bedrift du vil vita meir om. Du kan bruka ei av bedriftene som er nemnde i teksten over, eller ei bedrift frå heimfylket ditt.

  1. Kva er det bedrifta sel?
  2. Kven kan vera aktuelle som kundar?
  3. Kvifor bør kundane velja akkurat denne bedrifta? Vel ut fire setningar frå heimesida som skildrar det.
  4. Nemn to–tre ting du liker ved heimesida.
  5. Kva finn du på heimesida som fortel deg at dette er ei økoturismebedrift?

Organisasjonen HANEN

HANEN er ein landsdekkjande næringsorganisasjon for verksemder innanfor bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske i Noreg.

HANEN hjelper medlemmene sine med mange ulike oppgåver (å verta godkjende av Mattilsynet, med skjenkjesaker, overfor kataloghaiar mm.) og viser vidare til ekstern hjelp når det er behov for det.

HANEN har eit aktivt samarbeid med mange organisasjonar og offentlege verksemder, og samarbeider nært med Bondens marked og Norsk gardsost. Norges Bondelag, Norsk bonde- og småbrukarlag og stiftelsen Matmerk er også sentrale samarbeidspartnarar for HANEN.

Målsetjinga for HANEN er å medverke til at medlemsbedriftene vert styrkte både økonomisk og marknads- og driftsmessig gjennom medlemskapen sin.

Her kan du lesa meir om HANEN

Læringsressursar

Reiseliv, helse, omsorg og læring