Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Reiseliv, helse, omsorg og læringChevronRight
  5. Naturbaserte aktivitetar og økoturismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Naturbaserte aktivitetar og økoturisme

Mange turistar søkjer etter andre opplevingar enn dei tradisjonelle reisemåla med sol og strand der alt er inkludert. Dei ønskjer å oppleva noko litt utanom det vanlege, borte frå mas og kommersielt press. Økoturisme er eit tilbod til denne gruppa.

Turister på støl i Aurlandsdalen. Foto

Motiva for den nye typen turisme er blant anna å koma nærare naturen og oppleva noko ein ikkje har opplevd før. Turistane ønskjer tette møte med naturen og kulturen på staden dei oppsøkjer. Dei ønskjer ro og stille.

Mange har likevel behov for tilrettelagde feriar med forslag til aktivitetar. Det kan handla om alt frå turgåing til meir fartsfylte aktivitetar som rafting og terrengsykling. Vinterturismen aukar, og skigåing, både i preparerte løyper og utanfor spora, har vorte populært.

Mange i denne turistgruppa ønskjer enkel komfort i skog- og fjellhytter utan innlagt vatn og straum. Telt på vidda freistar somme. Andre vil ha meir komfort og ønskjer hytter og utleigehus med høgare standard, men som likevel ber preg av lokal kultur og tradisjon.

Diskuter i klassen:

Kvar går grensa for kva vi kan kalla økoturisme? Kva høyrer ikkje til under omgrepet? Kan vi bruka

  • snøskuter
  • vasskuter
  • firehjuling (ATV)
Finn argument både for og imot!

Norsk økoturisme

  • er natur- og kulturbasert og har økoturisme som grunnfilosofi for heile verksemda si
  • bidrar aktivt til natur- og kulturvern, har god kjennskap til eigen påverknad på miljøet, og utøver alltid ei føre-var-haldning
  • strekkjer seg mot å driva mest mogleg berekraftig, og gjennom det balansera økologiske, kulturelle, sosiale og økonomiske omsyn
  • bidrar positivt i lokalsamfunnet, bruker lokal arbeidskraft, lokale tenester og produkt, jobbar for auka samarbeid og tek eit generelt samfunnsansvar
  • bidrar til å ta vare på verneverdige bygg og har stadstilpassing, lokal byggjeskikk og særpreg som eit generelt mål i val av materialar og løysingar
  • stiller spesielt høge krav til vertskap og gaidar. Formidling og læring er ein sentral del av produktet.
  • tilbyr minneverdige opplevingar og skaper møteplassar som gir medarbeidarar og gjester innsikt i lokalkultur, lokalsamfunn og miljø

Kjelde: Norsk Økoturisme

Hugselappen

Viktige stikkord for økoturisme:

  • er naturbasert
  • byggjer på lokal kultur
  • er berekraftig
  • bidrar til å verna natur og kultur
  • byggjer på småskalabedrifter
  • er lokalt organisert
  • tener lokalsamfunnet
  • bidrar til læring

Økoturistane ønskjer tette møte med natur og kultur på stadene dei oppsøkjer.

Læringsressursar

Reiseliv, helse, omsorg og læring