Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. Berekraftig naturbrukChevronRight
  5. Jakt og fangstChevronRight
  6. Kven kan driva jakt og fangst?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kven kan driva jakt og fangst?

Alle som skal driva jakt og fangst, må ha kunnskapar om jaktbare artar, våpen og regelverk knytt til jakt.

Kvinne med våpen. Foto.

Før du drar ut på jakt eller fangst, må du vera oppført i jegerregisteret og ha betalt jegeravgift. Dersom du ikkje er oppført i jegerregisteret frå før, må du ta jegerprøva.

Jegerprøvekurs

Under jegerprøvekurset lærer du om kva artar det er lov å jakta på i Noreg. Pensum på kurset er også regelverket knytt til jakt og bruk av våpen. Kurset består av eit obligatorisk kurs. Til slutt må du bestå ei teoretisk prøve om jakt og artar. Du kan ta jegerprøva frå det året du fyller 14 år.

Storviltprøva

For å få delta på storviltjakt må du kvart år gjennomføre ei skyteprøve.

Aldersgrenser

Du kan jakta småvilt sjølvstendig når du har fylt 16 år. Frå det året du fyller 14, kan du delta på fangst eller opplæringsjakt med våpen under småviltjakta dersom du har løyve frå dei føresette og du har teke jegerprøva.

Du kan jakta sjølvstendig på storvilt når du har fylt 18 år. Opplæringsjakt med våpen kan du delta på under storviltjakta frå det året du fyller 16 år dersom du har teke jegerprøva, har bestått storviltprøva og har løyve frå dei føresette.

Det er eigne krav til korleis opplæringsjakta skal vere organisert.

Løyve til å jakta

I tillegg til å vera godkjend jeger må du ha løyve frå grunneigaren til å jakta. For småvilt er dette som regel organisert slik at du kjøper eit jaktkort eller avtaler direkte med grunneigaren at du får disponera eit jaktterreng. For eksempel gir mange grunneigarar deg løyve til å jakta gratis på duer på jordet om hausten, medan eksklusive rypeterreng på fjellet kan ha ein høg pris. For bever, rådyr og storvilt er det fellingsløyve. Jakt på rovdyr er organisert som lisensjakt. Det vil seia at det er vert gitt spesielt løyve til å jakta på eit avgrensa tal dyr i eit gitt geografisk område.

Her kan du lesa meir om Jegerprøve og opplæringsjakt

Læringsressursar

Jakt og fangst

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter