Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert aktivitetChevronRight
  4. FriluftslivChevronRight
  5. Trygg i naturenChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Andre økt med kart og kompass

I dette arbeidsoppdraget i naturbasert aktivitet får du ei vidaregåande innføring i bruk av kart og kompass. I tillegg lærer du å bruka av handhalden GPS. Oppdraget byggjer på det du lærte i første økt med kart og kompass.

Ungdommer med kart og kompass. Foto.

Dette skal vi gjera:

  1. Vi repeterer stoff om kart, kompass frå første arbeidsoppdraget om kart og kompass.
  2. Vi går gjennom ulike karttypar og korleis vi finn nøyaktig posisjon på eit kart ved hjelp av koordinatar og bruk av handhalden GPS.
  3. Vi tek på utetøy, tek med kart (M711 i målestokk 1:50 000) og kompass (to og to deler eitt kart og eitt kompass) og går ut. To og to jobbar saman om oppgåvene, og heile gruppa skal halda seg nokolunde nær kvarandre slik at læraren undervegs kan hjelpa dei som treng det.
  4. Finn ut kvar du er på kartet, målestokk, ekvidistanse og desse kartteikna nær deg: bygning, veg, sti, lauvskog, barskog, myr, vatn, bratt skrent, slak helling, dyrka mark.
  5. Finn dei same stadene i terrenget.
  6. De skal finna ein stad der vi kan brenna bål og eta matpakka vår, og de bruker kart og kompass til å finna ei god rute dit. To og to skal føreslå ein stad og ei rute dit. Staden skal:
    a. liggja ved eit vatn
    b. liggja tørrlendt (ikkje myr)
    c. venda mot sør
    d. liggja ca. 1 time unna til fots (vi går ca. 3 km/timen)
  7. Finn fram til ein veg å gå dit som:
    a. ikkje kryssar dyrka jord
    b. helst ikkje følgjer bilveg
    c. ikkje passerer bratte skrentar og tett skog
    d. går i tørt lende
  8. Vel eitt av forslaga etter at alle har presentert sitt forslag til stad og rute.
  9. Ta ut kompasskurs til to sjølvvalde vegpunkt og den felles staden klassen valde for matpause (jobb to og to saman).
  10. Ta matpause.
  11. Finn nøyaktige kartkoordinatar for staden der de har teke matpause.
  12. Øv på å på bruka handhalden GPS for å finna stader i nærleiken (læraren gir opp stadene).
  13. Bruk kart og kompass til å finna ei rute heim til skulen (to og to jobbar saman). Krav til ruta:
    a. ho skal ikkje gå den same vegen som vi kom
    b. ho skal gå i mest mogleg tørt lende
    c. ho skal ha minst mogleg høgdeforskjell
    d. ho skal innehalda to vegpunkt
  14. Når læraren har godkjent ruta og vegpunktet, kan de gå tilbake til skulen.
  15. Vent på skulen til alle har kome.
  16. Fyll ut eigenvurderinga og lever ho til læraren.

Etter denne økta kan du:

  • å ta ut kompasskurs frå ein stad til ein annan
  • å finna høgdekurve, målestokk og ekvidistanse på det aktuelle kartet
  • forklara kor langt 2 cm på dette kartet er i verkelegheita
  • å lesa kart med målestokk 1:50 000, og finna dette både på kartet og i terrenget: bygning, veg, sti, skog, myr, vatn, bratt skrent, slak helling mot vest, dyrka mark
  • forklara forskjellen på dette kartet og orienteringskart
  • forklara kva som kan få kompasset til å visa feil retning
  • finna og gi opp kartreferanse for eit punkt på kartet
  • forklara korleis du kan bruka ein handhalden GPS til å finna fram frå ein stad til ein annan
  • forklara fordelane og ulempene med GPS samanlikna med å bruka kart og kompass
  • å bruka kartet til å berekna omtrent kor lang tid det vil ta å gå frå ein stad til ein annan
  • å bruka kartet til å finna ut kor stor høgdeforskjell det er mellom to stader

Vurdering:

Last ned: Andre økt med kart og kompass. Egenvurderingsskjema.

Filer

Læraren og klassen avtaler eventuell vurdering med karakter.

Læringsressursar

Trygg i naturen

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter