Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. AnleggsgartnarChevronRight
  5. Anleggsgartnar – yrke og utdanningChevronRight
  6. Anleggsgartnaren på jobbChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Anleggsgartnaren på jobb

Anleggsgartnaren jobbar med store og små anlegg som er viktige innslag i miljøet rundt oss. Anleggsgartnaren formar ut og driftar parkar, plassar og torg, idrettsarenaer og private hagar der folk kan ferdast og trivast.

Sitteplass utendørs. Foto
Planter, stein og møblar skaper ein fin plass i vårsola. Vissent lauv er raka saman og skal fjernast. Snart vert det grønt.

Vi kan dela arbeidsoppgåvene til anleggsgartnaren inn i to delar, nyanlegg og drift.

Nyanlegg

Når det skal lagast nye parkar, plassar eller hagar, må vi først gjera grunnarbeidet. Grunnen må vera slik at stein og mur som vert lagde på han, står støtt, og slik at planter, busker og tre får gode vekseplassar.

I eit nyanlegg skal det murast for å avgrensa plassar og støtta opp blomsterbed, det skal leggjast steindekke som passar til bruken av området. Grus og sand skal dekkja stiar og gangvegar. Så skal det plantast tre og busker og lagast bed til blomstrar. Då vert dette eit anlegg som skaper trivsel og legg til rette for menneskeleg aktivitet.

Drift av anlegg

Anlegga er utsette for slitasje av oss som bruker dei, og av vêr og vind. Busker og tre veks, og planter visnar og døyr. Parkar og plassar må derfor driftast og haldast ved like. Steinar og mur får skadar som må reparerast, trer må skjerast, og vi må slå og vatna plenar. I tillegg må vi gjera reint – og om vinteren må vi brøyta. Slike driftsoppgåver er det anleggsgartnaren som tek seg av.

Å arbeida med så forskjellige materialar som blomster og stein er spesialiteten til anleggsgartnaren. Det krev at anleggsgartnaren har brei kompetanse om både levande og døde materialar, og om maskiner og reiskapar som vert brukte. Vi seier gjerne at anleggsgartnaren har både grøne og grå arbeidsoppgåver.

Om vinteren jobbar mange anleggsgartnarar i idrettsanlegg, eller dei ryddar snø.

Hugselappen

Nyanlegg

– gjera grunnarbeid

– mura

– leggja stein

Drift av anlegg

– planta og luka

– skjera tre og busker

– stella plenar

– rydda og reingjera

Grønt arbeid

– planta

– skjera tre og busker

– slå plen

– stella planter

Grått arbeid

– gjera grunnarbeid

– mura

– leggja stein

Læringsressursar

Anleggsgartnar – yrke og utdanning