1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. ReindriftChevronRight
  5. Arbeidsoppgåver i reindriftaChevronRight
  6. Merking av reinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Merking av rein

Reindriftslova seier at all rein innanfor det samiske reinbeiteområdet skal merkjast med snitt i øyret med det registrerte merket til eigaren. Alle samar som eig ein del av ein sida, har rett til å ha reinmerke.

Merket viser kven reinen høyrer til

Merking av rein med snitt i øyra er ein tradisjon som har ulike praktiske funksjonar. Merka har eit hovudsnitt og eit tilleggssnitt innanfor hovudsnittet. Merket viser kven som eig reinen, og dette eigarforholdet følgjer reinen gjennom heile livet. Alle som har ferdigheter og kunnskapar når det gjeld å lesa øyremerke, veit kven som eig reinen når dei les merket. Reinmerke gir dermed informasjon som kan identifisere reinen – både når han er ute i terrenget og når han er blanda inn i flokken til andre reineigarar. Merka gjer det enklare for reineigarane å ha oversikt og kontroll over dyra sine.

Alle merka er avleidde frå hovudutforminga – hovudsnittet – til familiemerket. Det seier noko om kva familiegruppe eller sida eit merke høyrer til. Reinmerke er snittkombinasjonar i begge øyra på reinen. For kvart snitt finst eit eige ord som skildrar kva type snitt det er, og kvar på øyret snittet sit. I Noreg kan du finna øyremerke i eit merkeregister. Innanfor det samiske reinbeiteområdet i Noreg skal reinen øyremerkjast med det registrerte merket til eigaren. Rein som er umerkt, vert kalla for geažotbeallji.

Somme reindriftssamar er særleg flinke til å finna ut kven reinen høyrer til, ved å analysera øyremerket. Dei som har spesielle ferdigheiter når det gjeld å granska og kjenna att reinmerke, vert kalla for mearkadovdit (merkekjennarar).

Kalvemerking

Reindriftssamane merkjer kalvane sine om våren og om hausten. Når kalvane skal merkjast, må alle, både barn og vaksne, vera med. Det er vanleg å samla reinflokken når kalvane skal merkjast. Då vert delar av flokken haldne i gjerdet til ein har sjekka alle dyra.

Det er fleire måtar å få tak i kalvane som skal merkjast på. Reineigarane samlar delar av flokken inn i girdnuen, fangar kalvane og set nummer på dei. Så vert kalvane sleppte ut i den stor innhegninga. Der går det ikkje lang tid før kalven har funne mor si. Når mora er funnen, vert nummeret på kalven notert ned og kven som eig mora. Så vert flokken sett inn att i girdnu, kalven vert fanga på nytt, og denne gongen får han merket til eigaren.

Ein annan måte å fanga kalven på er å bruka ei løkke som er festa til ei lang stong (njozon). Denne metoden kan ein nytta for å fanga kalvar som er om lag éin månad gamle.

Kalvar vert fanga med løkke.

Den eldste metoden er å bruka lasso. Lasso vert brukt når kalven er to–fire månader gammal. I dag er det ikkje mange sidaer som bruker lasso til å fanga kalven. Reineigaren går i inngjerdinga og observerer kva kalv som følgjer kva simle. Når eigaren ser at kalven følgjer ei simle, kastar han lassoen for å fanga han. Deretter vert kalven merkt.

Kaste med lasso. Foto.
Det er ikkje lenger vanleg å fanga reinkalvar med lasso.

Læringsressursar

Arbeidsoppgåver i reindrifta

SubjectEmne

Fagstoff