Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. SkogbrukChevronRight
  5. Biologisk mangfald i skogenChevronRight
  6. Miljøomsyn og berekraft i skogbruketChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Miljøomsyn og berekraft i skogbruket

Å driva på ein berekraftig måte vil seia at vi møter og oppfyller behova i dag utan å gjera det vanskelegare for generasjonane som kjem etter oss. Det vil seia at vi alltid må vurdera kva konsekvensar aktiviteten vår i skogen har på lang sikt.

I skogbruket inneber dette at vi må sørgja for at skogen får gode vekstvilkår der vi tek ut tømmer. Vi må ta vare på det biologiske mangfaldet. Vi må også ta vare på rekreasjonsverdiane i skogen og verdien som naturmiljøet har for allmenta.

Miljøstandardar i skogbruket

Skogbrukets miljøstandard stiller krav til korleis vi skal utføra arbeidet i skogen for at han skal vera berekraftig. Standarden inneheld 25 kravpunkt. Du finn ei oversikt på Levende skog.

Eksempel på kravpunkt:

  • Avfallshandtering
    Skogen skal ikkje vera ein søppelplass. Søppel og kasserte ting skal ikkje etterlatast der. Vi skal i minst mogleg grad forureina med olje og diesel.
  • Transport i terrenget
    Skogsmaskinføraren må ha kunnskap om bereevne, og bruka auga slik at han eller ho skadar terrenget minst mogleg.
  • Kulturminne
    Biletet viser ein gammal gruveveg frå ca. 1540. Etter standarden er det ikkje lov å bruka han som køyreveg med tunge maskiner. Han skal heller ikkje fyllast att med kvist og kvas.
  • Gamle tre og død ved
    Skogeigaren skal setja att gamle tre ved hogst. Kravet er eitt tre per dekar.

Sertifiseringsordning i skogbruket

Sertifiseringsordninga vart innført i 2000 og skal dokumentera at alt er i orden. Arbeidet vert utført av eit eksternt organ, for eksempel Det norske Veritas, som skriv ut miljøsertifikat.

Den som er sertifisert, får eit sertifikatet som synleg bevis på at ho eller han har lov til å gjera jobben. Sertifikatet gjeld i fem år om gongen.

Det er svært få enkeltskogeigarar som er miljøsertifiserte. Dei fleste er gruppesertifiserte gjennom skogeigarandelslaget sitt. Dersom nokon gong på gong ikkje følgjer regelverket, kan andelslaget mista sertifikatet. Konsekvensen vert då at dei ikkje kan omsetja tømmer.

Det er derfor viktig at køyrereglane vert følgde i alle ledd.

Læringsressursar

Biologisk mangfald i skogen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter