1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. Agronom – husdyrproduksjonChevronRight
  5. FjørfeChevronRight
  6. Åtferd og eggproduksjon hos fjørfeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Åtferd og eggproduksjon hos fjørfe

Til liks med andre fuglar formeirar fjørfe seg ved å eggja egg. Fjørfe som lever fritt i naturen, har spesielle periodar av året då hormonsystema gir signal om at no er det på tide å leggja egg og klekka ut eit nytt kull kyllingar.

Dei lagar enkle reir ved å grava ei grop i bakken og leggja i nokre enkle strå. Vanlegvis føretrekkjer dei å leggja reirplassen eit stykke unna dei andre i flokken, og særleg vekk frå der menneska ferdast. Dei legg gjerne ein serie på mellom ti og femten egg, eitt kvar dag.

Hos symjefuglane – ender og gjæser – er eggproduksjonen framleis basert på at dyra legg egg når dagane vert lange utover våren, og på at egga vert ruga på vanleg måte. Dei får då berre eitt kull om året, og det mest vanlege er at egga vert klekte og vert til kyllingar som vert alte opp for kjøtproduksjon. Derfor vert få egg frå and og gås brukte til mat.

Ruging

Ruginga startar først når heile serien med egg er ferdig lagd. Då ligg mora og varmar egga i 21 dagar til kyllingane vert klekte. Ho snur egga regelfast, slik at dei vert varma opp frå alle kantar. Moderne høner legg egg kontinuerleg, ikkje berre i periodar. Dei har likevel behalde trongen til å byggja enkle reir, og føretrekkjer å leggja egg i avlukke som er mest mogleg skjerma. Dette utnyttar vi for å få hønene til å verpa på spesielle plassar der det er enkelt for oss å samla opp egga før dei vert skitne. I moderne produksjon av høns går ruging og klekking føre seg i eigne maskiner der temperatur og fukt vert nøye regulert, og der egga vert snudde regelmessig.

Egget

Egget må befruktast for at kyllingar skal utvikla seg. Det skjer når ei eggcelle er ferdig utvikla og skal ta til på ferda si gjennom eggleiaren og fram til kloakken, der egget kjem ut av høna. Undervegs gjennom eggleiaren vert plomma oppgitt av kvite og av fleire ulike hinner, og til slutt det harde skalet. Skaldanninga er det leddet i denne prosessen som tek mest tid. Det tek minst 25 timar å produsera eit egg, slik at produktive høner kan leggja eitt egg nesten kvar dag, men ikkje fullt så ofte.

Eit egg skal innehalda alt eit kyllingfoster treng av næring frå det forlèt ovariet og til kyllingen er klekt. Det vil for fjørfei seia 1 pluss 21 døgn. I denne perioden får fosteret tilførsel av varme frå mora, men elles er utvekslinga med omgivnadene avgrensa til at oksygen, karbondioksid og vassdamp passerer gjennom skalet.

For å sikra ei effektiv utnytting av ressursane må nista vere tilstrekkeleg, men sjølvsagt heller ikkje for stor – og fosteret må kunna fordøya og utnytta all næringa. Når kyllingar vert klekte, er det berre skalet og nokre skalhinner til overs – alt anna er utnytta. Litt av plomma er framleis med i det vi kallar plommesekken, som ei lita ekstraniste som kyllingen lever av det første døgnet.

Her kan du lesa meir: Tal og fakta om egg.

Kyllingar

Nyklekte kyllingar utvikla fysiologisk, men dei treng høg temperatur og tørre, trekkfrie omgivnader dei første døgna etter klekking. Dei følgjer mora dei første dagane dersom dei får opphalda seg nær henne. Men dersom mora ikkje er der, kan kyllingar vennast til å følgja andre dyr – eller til og med ikkje levande objekt..

Spesialtilpassa hus

Fjørfe som vert nytta til kommersiell eggproduksjon eller kjøtproduksjon, vert haldne i spesialtilpassa hus og omgivnader der plass, underlag, strø, temperatur, luftfukt, daglengd og lysstyrke er regulert etter nøye skildra planar. Dei får ikkje røra seg fritt eller i dagslys i heile levetida si. I slike regulerte omgivnader er det viktig at vi er påpasselege med å leggja til rette for god dyrevelferd. Det gjer vi gjennom å sikra nok plass, rett temperatur og fukt og rimeleg gode høve for dyra til å utøva den naturlege åtferda si: blant anna å danna hierarki, vagla og bada i støv. Samtidig må vi førebyggja og hindra kannibalisme og sjukdom.

Oppgåver:

  • Kor mykje veg eit vanleg egg frå ei verpehøne, og kor stor del av det er skal, kvite og plomme?
  • Kva er dei viktigaste næringsstoffa i kvite og i plomme?
  • Det er forskjell på storleiken på egga som høna legg i byrjinga og i slutten av verpeperioden. Finn ut når hønene legg dei minste og dei største egga.

Læringsressursar

Fjørfe

SubjectEmne

Fagstoff