1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. BiologiChevronRight
  5. PlanterChevronRight
  6. Slik er ei frøplante bygd oppChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Slik er ei frøplante bygd opp

Frøplantene består av hovuddelane rot, stengel og blad. I tillegg har dei også reproduktive skot som blomstrar eller kongler. Dei ulike delane har kvar sin hovudfunksjon. I somme tilfelle kan eit organ også overta andre funksjonar.

I naturbruksnæringane produserer vi og nyttar ulike delar av plantene. Planter kan brukast som mat, råstoff til ulike produkt eller som prydvekstar.

Rota

Rota festar planta til underlaget og tek opp vatn og næring. Rota er tilpassa denne oppgåva ved at ho har stor overflate, og ved at ho kan vekse mot vatn og rundt hinder. Hos mange toårige eller fleirårige planter er røtene oppsvulma og tilpassa lagring av næringsstoff (rotknollar). Ein del artar vert dyrka fordi vi et røtene. Døme på dette er gulrot og kålrot.

Solsikkerot. Foto.
Planterot med rothår – frå solsikke

Somme slyngplanter har klatrerøter som gjer det lettare for dei å veksa oppover tre eller bergvegger. Store tre som er mykje utsette for sterk vind, kan ha kraftige røter med støttefunksjon (støtterøter). Planter som veks i miljø som er tidvis oversvømde, kan ha røter som veks oppover i staden for nedover. Slike anderøter skaffar planta nødvendig oksygen når vasstanden er høg.

Stengel eller stamme

Stengelen løftar planta opp frå bakken og er bindeleddet mellom røter, blad og blomstrar. Leidningsvevet i stengelen transporterer vatn og oppløyste stoff til dei delane av planta som treng det. Leidningsvevet har også ein viktig støttefunksjon for planta, samtidig som heile stengelen må vera fleksibel nok til å tola vind utan å brekka altfor lett.

Byggaks. Foto.
Moge korn av bygg med stiv stengel

Stenglar kan også veksa horisontalt. Stenglar som veks over bakken, vert kalla utløparar (overjordsrenningar). Det finn vi til dømes hos jordbær. Stenglar som veks under bakken, vert kalla jordstenglar. Det finn vi til dømes hos kvitveis.

Horisontal stengelvekst gir opphav til vegetativ formeiring eller vekst. Somme jordstenglar kan også fungera som lagringsorgan.

Utløpere hos jordbær. Foto.
Utløparar hos jordbær

Blad

Hovudoppgåva til bladet er å driva fotosyntese for å skaffa organisk næring til vidare vekst og utvikling. Måten bladet er bygd opp på, reflekterer dette.

Seljeblad. Foto.
Seljeblad

Delar av eller heile blad kan vera omdanna til slyngtrådar. Blada kan også vera omdanna til piggar eller tornar som vernar planta mot beitedyr.

Blomster

Blomsteren er det kjønna formeiringsorganet hos dei dekkfrøa blomsterplantene. Oppgåva til blomsteren er å produsera og spreia frø til neste generasjon. Insektpollinerte blomster lokkar gjerne med tiltrekkjande lukt eller farge. Blomstrar kan også vera omdanna. Hos somme korsved- og hortensia-artar er det ytste blomstrane i blomsterstanden store og iaugefallande, men dei er sterile og har berre lokkefunksjon.

Hugselappen

Frøplantene består av hovuddelane

  • rot
  • stengel
  • blad

I tillegg har dei også reproduktive skot som blomstrar eller kongler.

I naturbruksnæringane produserer vi og nyttar ulike delar av plantene.

Læringsressursar

Planter

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Planter

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ugras

  • SubjectMaterialFagstoff

    Belgvekstar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter