1. Home
  2. Naturbruk Vg1ChevronRight
  3. Naturbasert produksjonChevronRight
  4. HestefagetChevronRight
  5. Hesten – bruk, aktivitetar og tryggleikChevronRight
  6. Påseling av bogtreseleChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Påseling av bogtresele

Det er mange forskjellige typar seletøy: for eksempel brystsele, komtesele, travsele og bogtresele. Kva sele du skal velja, kjem an på kva slags køyring du skal gjera.

Dersom hesten skal brukast til skogsarbeid eller gardsarbeid som arbeidshest, er bogtreselen det rette valet for at hesten skal kunna trekkja rett. Du må kunna leggja på og tilpassa selen korrekt. Ein feil tilpassa sele kan gjera at hesten får skadar. I filmen over viser lærling Michelle og køyreinstruktør Øystein Bakken frå Norsk Hestesenter korleis du legg på ein bogtresele.

Påseling og tilpassing av bogtreselen

Når du har lagt på selen, festar du brystreima først. Du justerer kor stramt bogtrea skal liggja mot hesten, med brystreima og nakkereima. Du skal så vidt få ei flat hand mellom bogtreputene og hesten, og dei skal liggja jamt inntil hesten heile vegen.

Springgjorden held høvret på plass under køyring, og springgjorden skal strammast så mykje at du får ei flat hand under reima. Bukgjorden er slakk, du skal få ei god handsbreidd mellom bukgjorden og hesten. Juster opphaldsreimane slik at det går ei rett linje frå trekkpunktet i bogtreets gjennom draga til festet i vogna.

Bakselen hjelper til når hesten skal bremsa i nedoverbakke, og han må ikkje vera for stram eller henga for langt ned på låret på hesten. Bakselen skal liggja ei handsbreidd frå setebeinsknuten på hesten, og du skal få plass til ei hand på høgkant mellom hesten og selen, på begge låra. Mellom halereima og hesten, midt oppå krysset, skal du få plass til ein knyttneve. Etter bruk skal selen pussast over, og sveitte, støv og skit skal fjernast.

Film om bruk av bogtresele i skogbruket:

Kan du dette om påseling av bogtresele?

Læringsressursar

Hesten – bruk, aktivitetar og tryggleik

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter