Hopp til innhald

  1. Home
  2. Service og samferdsel Vg1 2019-20ChevronRight
  3. Sal og serviceChevronRight
  4. Sals- og kjøpsprosessenChevronRight
  5. Kjøp og sal – rettar og plikterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Kjøp og sal – rettar og plikter

Salet er ikkje over før kunden seier seg nøgd med handelen. Ikkje sjeldan kjem det til usemje i samband med reklamasjonar, garantiar, byterett og angrerett. Her skal vi sjå kva slags rettar og plikter forbrukarane og seljarane har.

Bytte varer

Rettar og plikter

Eit kjøp byggjer alltid på ein avtale mellom ein seljar og ein kjøpar. Avtalen treng ikkje vere skriftleg. Forbrukaren har både rettar og plikter, og både seljaren og kjøparen bør kjenne til lover og reglar for kjøp og sal. Dette gjeld spesielt når kunden er misnøgd med kjøpet.

Garanti

Garantiordningar kan vere med på å skape tryggleik. Usikre kundar spør gjerne: «Kva slags garanti har de?»

Somme garantiordningar er heimla i lov, andre er fastsette av butikken eller bransjen.

Marknadsføringslova § 5e har reglar for bruken av ordet garanti, og det skal opplysast om garantivilkåra.

Mange produkt blir marknadsførte ved at det følgjer med ein garanti. Ein garanti er ein lovnad som skal gi forbrukaren rettar i tillegg til forbrukarkjøpslova. Garantiar kan òg rette seg mot anna enn feil og manglar. Til dømes kan seljaren garantere lågaste pris.

Ein garanti som set stuttare frist enn reklamasjonsfristen i forbrukarkjøpslova, er ikkje i strid med lova dersom garantien i denne perioden gir deg betre rettar enn det lova gjer.

Reklamasjonsrett

Reklamasjonsretten som følgjer av forbrukarkjøpslova, gir kunden rett til å klage på manglar ved ei vare innan ein viss tidsfrist – normalt to år. For gjenstandar som er rekna å vare monaleg lenger, til dømes radio- og tv-apparat, mobiltelefonar og komfyrar, er fristen fem år.

Meir informasjon om reklamasjonsrettar og kva krav du kan setje til vara, finn du på temasida til Forbrukarrådet om forbrukarkjøpslova:

Byterett er ingen sjølvsagd ting

Byterett vil seie at du kan returnere ei vare mot å få ei anna tilbake. Det er ikkje noko vilkår at vara har ein mangel for å kunne byte henne. Byteretten er ikkje regulert ved lov, men kan anten avtalast med seljaren eller følgje av sedvane/bransjepraksis. Som følgje av sedvane kan du mellom anna få bytt klede og andre tekstilar, bøker og gullsmedvarer. Har du kjøpt ei vare med mangel, har du klagerett etter forbrukarkjøpslova. Har du kjøpt vara utanfor fast utsalsstad (butikk), har du rett til å angre på kjøpet etter angrerettslova.

Nokre råd:

  • Retten til å byte kan du avtale ved kjøpet, eller han kan følgje av sedvane eller annan praksis i bransjen.
  • Ta vare på kvitteringa.
  • Gå tilbake til butikken snarast råd dersom du ønskjer å byte.
  • Vara må vere ubrukt og utan skade.
  • Som hovudregel må vara bytast i same butikken som ho er kjøpt.
  • Kjøpslova gir deg ingen rett til å byte ei vare som ikkje er mangelfull.
  • Er det manglar ved vara, har du krav på avslag i prisen, heving av kjøpet, vederlag, ny vare eller reparasjon av vara.

Regelverk for marknadsføring og sal

Alle som jobbar med sal av varer og tenester, må bruke dei reglane som gjeld for marknadsføring og sal. Her lærer du meir om lover og reglar som gjeld for forbrukarmarknaden.

Læringsressursar

Sals- og kjøpsprosessen