Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. YrkesutøvingChevronRight
  4. TaktekkjarenChevronRight
  5. Tekking av flate takChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tekking av flate tak

Ingen tak er heilt flate. Det er eit fall på mindre enn 6 grade som gjer at vatnet kan renne bort til sluk og nedløpsrøyr inn- og utvendig på huset. Ved så lite fall må taket vere tett i materialskøytane. Flate tak blir derfor laga av takbelegg som blir sveiste/limte i skøytane.

Mann ruller ut takpapp på tak. Foto.

Isolasjon

Isolasjon på flate tak blir gjort for å halde på varmen i huset. I tillegg blir isolasjonen brukt til å byggje opp fall for å få avrenning av vatn. Det blir hovudsakeleg nytta to typar isolasjon: ekspandert polystyren og steinull. Begge er trykkfaste slik at dei toler gangtrafikk og snølast. Steinull blir brukt der det er krav til brannsikkerheit.

Dampsperre

Dampsperra, ein plastfolie, blir lagd under isolasjonen mot den varme sida av konstruksjonen. Dampsperra hindrar at den varme og fuktige lufta frå innsida strøymer ut i isolasjonen og dannar kondens.

Membran

Asfalt-takbelegg (ATB) blir ofte brukt som membran for at taket skal bli vasstett. Det består av polyester, asfalt og skifer. Polyester er eit svært sterkt og haldbart materiale og toler store påkjenningar i form av vêr og vind. Asfalt er eit tett og elastisk materiale. Polyesteren er dekt av asfalt som er strødd med små stein av skifer. Skiferen vernar asfalten mot sollys og hindrar at snø sklir av taket.

Utføring

Isolasjon og dampsperre blir lagde på taket og festa mekanisk med pluggar eller skruar. Asfalt- takbelegget blir lagt ut på taket med overlapp i skøytane. Skøytane blir limde eller sveiste.

Lagvis oppbygging av utvendig takkonstruksjon med isolasjon og tekke:

Læringsressursar

Taktekkjaren

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs