Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. YrkesutøvingChevronRight
  4. MurarenChevronRight
  5. LettklinkerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Lettklinker

Lettklinker er eit blokkprodukt som er mykje brukt i mange konstruksjonar. Blokkene blir lagde i forband under muringa for å få ein meir stabil og solid konstruksjon. Blokkene blir haldne saman av mørtel i fugene. I tillegg legg vi armering i fugene for å auke styrken til konstruksjonen.

Grunnmur i lecastein med utstyr framfor. Foto.
Grunnmur i Leca

Framgangsmåte ved muring av lettklinker er nesten som ved muring av tegl. Ein forskjell er at ved muring av lettklinker, bruker vi som oftast ikkje stussfuger, unnateke når lettklinkerveggar ikkje skal pussast.

Som standard har blokkene ei lengd på 500 mm og høgd på 250 mm. Tjukna varierer ut frå den konstruksjonen som skal byggjast. Det finst mange typar produkt av lettklinker. Vi vil i hovudsak nytte oss av tre typar blokkprodukt.

Det er soleblokk, standardblokk og u-blokk.

Oppstilling av soleblokk, standardblokk, u-blokk. Foto.
Soleblokk, standardblokk, u-blokk

Kapping av blokker kan utførast på fleire måtar. Ein må velje den måten som passar best med tanke på nøyaktig utføring og tilgang på verktøy.

Sjå korleis du kan kappe lettklinker (YouTube.com)

For å få ein konstruksjon av lettklinker tilstrekkeleg sterk så armerer vi i liggjefuga med fugearmering. I tillegg armerer vi u-blokka anten med ei spesiell u-blokkarmering eller med kamjern. I kor mange skift vi legg fugearmering, avheng av konstruksjonen og må reknast ut i kvart tilfelle.

U-blokk med armering og fuge mellom lettklinkerblokker med armering. Foto.
U-blokk og lecastein med armering i fuge

Læringsressursar

Muraren