Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er vesentleg for alle bedrifter, stor eller lita. Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for lønnsemd. Det er derfor ikkje noko motsetningsforhold mellom HMS og god lønnsemd.
Det er gitt ei rekke lover, forskrifter og rettleiingar som set krav om HMS på arbeidsplassen. Arbeidsgivar og arbeidstakar har både rettar og plikter i å følgje desse forskriftene.
Grunnleggande HMS
Eit planmessig HMS-arbeid skal sikre mot tap.
Arbeidstakaren skal sikrast mot sjukdom og skade.
Bedrifta skal sikrast mot økonomiske tap i form av skade på utstyr, materiell og avbrot i drifta.
Med S-en i HMS-omgrepet meiner vi sikkerheit for person, prosess og produkt. I HMS-samanheng blir ordet ofte brukt i samband med hendingar. Med hendingar meiner vi akutte situasjonar, enkeltsituasjonar eller enkeltjobbar som skal gjerast.
Med sikkerheit meiner vi ”kontroll over tilstandar eller hendingar som kan føre til tap av verdiar”. Tap i denne samanhengen kan vere:
skade på kropp og sinn
skade på materiell og utstyr
skade på dyr eller natur
Farlege forhold og farlege handlingar
Kvifor skjer ulykker og nestenulykker? Alt som skjer, har ei årsak. Vi kan gruppere årsakene til ulykker og nesten-ulykker i to hovudgrupper: farlege forhold og farlege handlingar. Farlege handlingar er handlingar som i seg sjølv kan føre til ulykker. Dette kan vere handlingar som skjer på grunn av at nokon er uoppmerksam, har manglande kunnskapar eller slurvar.
Risikoframferd og mangelfulle rutinar kan òg føre til farlege handlingar. Farlege handlingar vil føre til ei ulykke når dei blir tekne opp att mange nok gonger. Farlege forhold er forhold som indirekte aukar sjansen for at ulykker skal inntreffe. Det kan vere uorden, manglande sikkerheitsutstyr, feilmontert sikkerheitsutstyr, dårleg vedlikehald og blokkerte rømmingsvegar, for å nemne nokre.
Erfaringar har vist at cirka 90 prosent av alle uønskte hendingar skjer på grunn av farlege handlingar, cirka 10 prosent skjer på grunn av farlege forhold. Dette betyr at bevisstgjering og å ta ansvar er viktig.
Legg merke til at vern mot langsiktige og permanente forhold, som støy i eit støyområde, er plassert under helse og ikkje under sikkerheit.