Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. KommunikasjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Kommunikasjon

Alle menneske har behov for kontakt med andre og for å dele tankar, erfaringar, følelsar og ønske. Denne kontakten og utveksling av informasjon kallar vi kommunikasjon. Dei som deltek i ein diskusjon, må samarbeide. Dei må vere ærlege med kvarandre og gjere sitt beste for å forstå kvarandre rett.

Personar samarbeider ved eit bord, sett frå fugleperspektiv. Foto.

I yrkesfag er vi avhengige av å ha god kommunikasjon med medarbeidarar og kundar eller brukarar. Kommunikasjon med medarbeidarar på arbeidsplassen kallar vi intern kommunikasjon, mens ekstern kommunikasjon er kontakt med andre. Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk.

Emne

Kommunikasjon

  • I ein kommunikasjonssituasjon formidlar ein sendar ein bodskap til ein mottakar. For å sikre at bodskapen blir oppfatta likt, må dei samarbeide.

  • Kommunikasjon mellom tilsette på arbeidsplassen kallar vi intern kommunikasjon. God kommunikasjon mellom kollegaer og mellom leiarar og tilsette er viktig.

  • Med ekstern kommunikasjon meiner vi kommunikasjon med andre utanfor bedrifta du jobbar i. Då bør du representere arbeidsplassen din på ein god måte.

  • Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk.