Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. OverflateteknikkChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. Legging av golvbeleggChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Legging av golvbelegg

Vi skal leggje vinylbelegg i eit tørt rom og trådsveise skøytane i belegget. Det er viktig at golvet er tørt og reingjort med støvsugar. Pass på å ha riktig og rikeleg med lim avhengig av type belegg og golv. Forbruket av lim kan variere mellom 4–10 kvadratmeter per liter lim. Førebuingane er viktige for eit godt resultat.

Påføring av golvlim

Legging

Vi startar med å måle golvet og legg til 5–10 cm i kvar ende. Belegget skal leggjast i lysretninga (vinkelrett på vindaugsvegg/hovudveggen). Tverrskøytar og skøyt i døropning bør ein unngå. Med einsfarga vinylbelegg bør banelengdene endesnuast, om ikkje anna er oppgitt. Korte banelengder kan leggjast kant i kant, men lengre banelengder bør leggjast med overlapp og rissast ned.

Liming

Når lengdene er lagde ned, startar vi med å brette endane opp på veggen. Vi må hugse å starte med den lengda som skal sist ned, om det er overlapp på lengdene. Teikn gjerne med ein tømmerblyant på golvet langs kanten. Då har vi noko å leggje belegget etter om det er lange lengder. Vi begynner å lime med limspreiaren i hjørnet på rommet, der den første lengda skal leggjast ned. Vi startar med å påføre limet ut mot veggen, og påfører limet på golvet jamt i halvmåneforma rørsler. Hald limspreiaren i ca. 45 gradar under påføringa. Det er viktig at vi ikkje legg att limkantar under påføringa. Kor lenge vi ventar før vi legg ned belegget, er avhengig av undergolvet, om det er sugande eller tett, og av type belegg vi bruker. Når vi har lagt belegget ned, er det viktig at vi får pressa alle luftlommer ut. Her bruker vi ei golvvalse. Når vi er ferdige med den eine halvdelen av rommet, gjentar vi prosessen på den andre halvdelen.

Skjering

Overgangen mellom golv og vegg pressar vi ned med ei trykkrulle. Vi skjer bort overflødig belegg med ein krokkniv. Så trykkjer vi enden av belegget ned mot limet på golvet.

Skjering av golvbelegg

Sveising

Når vi har lagt belegget ned, lagar vi ein sveisefuge i skøytane på belegget. Dette utfører vi med fugekniv, fugehøvel eller elektrisk golvfres. Fresen eller fugen skal gå ca. ¾ ned i belegget. Det beste er å vente til dagen etter med sjølve trådsveisinga, fordi limet bør vere tørka før vi sveisar. Når vi sveisar, er det lurt å ta ein prøvesveis. Start sveisinga frå den eine sida av golvet. Hald eit jamt trykk og tempo på sveisinga. Stopp ca. 1 meter frå den andre veggen. Skjer enden på trådsveisen (ca. 10 cm) ut i null, slik at når du startar frå den andre veggen, så legg du tråden opp på enden av den første trådsveisen. Då blir overgangen jamn. Halvskjer så tråden på langs med ein sveisetrådkniv med mellomstykke mens tråden er varm. Når tråden er vorten kald, skjer vi tråden heilt ned mot belegget utan mellomstykket. Skjer vi tråden heilt ned til belegget mens han er varm, krympar tråden og vi får ein halvmåneforma fuge. Han vil samle skit, og gjer sveisen lite pen.

Fuging, sveising og skjæring av skjøt i gulvbelegg. Kollasj.
Fresing av fuge, sveising og skjering av fugetråd

HMS

  • Bruk knebeskyttelse.
  • Stå minst mogleg på begge kne.
  • Unngå rotasjonsrørsler når du står på kne.
  • Bruk om mogleg verktøy der du står og arbeider.
  • Bruk løftehandtak og beleggstraller for utrulling.
  • Bruk automatsveising på store jobbar.

Læringsressursar

Målaren