Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. OverflateteknikkChevronRight
  4. MålarenChevronRight
  5. Måling utvendigChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Måling utvendig

Vi målar utvendig for å verne materiala frå ytre påkjenningar som regn, varme, kulde, sol, vind og forskjellige gassar. Vi målar på tre, betong, lettbetong, tegl, plast og metall.

Behandlingar av tre

Det er viktig at behandling av nytt treverk skjer straks etter oppsetjing når treverket er tørt. Panel som har stått ubehandla i meir enn éin månad i sommarhalvåret, bør stålbørstast, slipast eller få ein lett høgtrykksvask for å fjerne død trefiber.

Ubehandla treverk skal grunnast!

Hovudføremålet med å grunne er å tilføre underlaget sopp- og råtehindrande middel og gi god heft til vidare behandling. Trykkimpregnerte materiale behandlar vi som nytt treverk.

Grunningar for tre

  • Klar blir brukt før beis. Beis er det vi kallar ei gjennomsiktig behandling.
  • Pigmentert (med farge) blir brukt før dekkjande behandlingar. Dekkbeis og måling er det vi kallar dekkjande behandlingar.

Behandling av nytt treverk

  • grunning
  • måle heile lengda for å unngå skøyting
  • pass på krympen
  • endeveden må målast 3 til 4 gonger
  • vêr og temperatur er viktig, ikkje mål i solveggen

Vedlikehald av tidlegare behandla treverk

  • reingjer med kraftvask
  • fjern laustsitjande behandling og treverk
  • påfør ev. sopp- og algedrepar
  • bart treverk må alltid grunnast
  • flekk 1 gong med toppstroket
  • 2 x toppstrok
  • viktig: beis skal ikkje flekkast

Ubehandla vindauge

  • grunn med klargrunning
  • mål med vindaugs- og dørmåling

Impregnerte vindauge

  • reingjer for smuss og voksbelegg
  • mål med vindaugs- og dørmåling

Behandling av gamle vindauge

  • fjern laus måling og kitt
  • skrap rein og grunn kittfalsen
  • kitt med vindaugskitt
  • grunn og mål bart treverk med vindaugs- og dørmåling
  • NB! Trekk målinga ca. 1 mm inn på glaset.

Læringsressursar

Målaren