Hopp til innhald

  1. Home
  2. Bygg- og anleggsteknikkChevronRight
  3. HMSChevronRight
  4. HMT-arbeid og internkontrollChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ergonomiske prinsipp

Ergonomi er læra om korleis vi best mogleg kan tilpasse arbeidsoppgåvene og arbeidsmiljøet til mennesket. Dårlege ergonomiske forhold er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukdom og fråvære.

Fotokollasje for felles HMS ressurs. Foto.

Om ergonomi

Ergonomi kan forenkla skildrast som eit kunnskapsfelt som handlar om tilpassing mellom arbeidsmiljø/teknikk og mennesket. For å unngå sjukdom og belastningsskadar må både arbeidsgivar og arbeidstakar ta omsyn til kva som er god ergonomi.

Riktig belastning er sunt, og rørsle er naudsynt. Målet er å redusere feilbelastning og overbelastning. Tungt og einsformig arbeid, svært belastande arbeidsstillingar og tidspress er spesielt uheldig.

Om helsekonsekvensar

Muskel- og skjelettplager er den største enkeltårsaka til sjukefråvære i arbeidslivet. Vi veit at ein del av desse plagene kjem av yrkesarbeid, men vi veit ikkje nøyaktig kor stor denne delen er.

Helseplager kan oppstå når toleransegrensene for kroppen blir overskridne. Dette er ein normal reaksjon på for høg belastning.

Årsaka kan vere at arbeidet er for tungt, for einsformig, går føre seg i uheldige arbeidsstillingar eller varer for lenge.

God ergonomi på arbeidsplassen inneber at arbeidet er fysisk tilrettelagt og føremålstenleg organisert. Det er viktig med god tilrettelegging også for dei som alt har muskel- og skjelettplager, slik at ein kan unngå sjukefråvære og eventuelt uføre.

Fakta frå Arbeidstilsynet

  • Dårlege ergonomiske forhold i arbeidsmiljøet er ei av dei største bekymringane i arbeidslivet.

  • I løpet av livet får omkring 80 prosent plager med ryggen, og heile tida er 15–20 prosent av befolkninga plaga med ryggen.

Korleis førebyggje muskel- og skjelettplager?

Arbeidsgivaren din har ansvar for å leggje arbeidet til rette slik at arbeidstakarane ikkje blir påførte skadar eller plager.

Du som framtidig arbeidstakar bør vere med og peike på naudsynte endringar for å betre forholda, og må også sjølv seie frå når kroppen sine grenser er nådde. Vi har alle ulike grenser for kva som er tungt arbeid og ikkje.

Hovudreglar for å førebyggje muskel- og skjelettplager. Finn eventuelt ei erstatning.

  • Fjern årsaka til muskel- og skjelettplagene.

  • Unngå tungt arbeid og einsformig gjentakingsarbeid.

  • Bytt ut tunge objekt med lettare.

  • Få hjelp av andre eller bruk hjelpemiddel til tunge løft.

Arbeidsgivar har ansvar for at du får opplæring i å forflytte saker/riktige løft og elles leggje arbeidet til rette slik at du får minst mogleg einsformig gjentakingsarbeid.

Video om HMS-arbeid og tilsyn i barnehagen

Ønskjer du å fordjupe deg i meir fagstoff om ergonomi?

Ergonomiportalen.no, rettleiing til betre ergonomi i bygg- og anleggsbransjen.

Temaside om ergonomi frå arbeidstilsynet.no.

Oppsummeringsspørsmål til temaet ergonomi

  1. Kva for eit kompetansemål i læreplanen for faget ditt inneheld temaet ergonomi?
  2. Diskuter med sidemannen kva dette kompetansemålet inneber at du skal lære?
  3. Kva utfordringar trur du at du møter på i yrkesvalet ditt når det gjeld tunge løft og arbeidssituasjonar?
  4. Kva kan du sjølv gjere framover for å førebyggje belastningsskadar i yrket ditt?

HUGS

  • Dårlege ergonomiske forhold er ei av dei vanlegaste årsakene til sjukdom og fråvere.

Læringsressursar

HMT-arbeid og internkontroll